1Då folket såg at Moses drygde med å koma ned av fjellet, flokka dei seg om Aron og sa til han: «Kom og lag ein gud som kan gå framføre oss! For vi veit ikkje kvar det har vorte av denne Moses, som førte oss opp frå Egypt.»
7Då sa Herren til Moses: «Gå ned, for folket ditt, som du har ført opp frå Egypt, har bore seg ille åt!
15Så gjekk Moses ned att av fjellet med dei to lovtavlene i handa. Det var skrive på begge sider av tavlene, både på framsida og baksida.
16Tavlene var Guds eige arbeid, og skrifta var Guds eiga skrift, som var rita på dei. 31,18+
17Då Josva høyrde korleis folket ropa og ståka, sa han til Moses: «Det lyder hærrop i leiren.» 24,13
18Moses svara: «Dette er ikkje sigerssong og ikkje skrik over nederlag; det er song og ståk eg høyrer.»
19Då Moses kom ned til leiren og fekk sjå gullkalven og dansen, vart han så harm at han slengde tavlene mot fjellet og knuste dei.
20Så tok han kalven som dei hadde laga, kasta han på elden og mol han til støv. Støvet strøydde han på vatnet, og det lét han israelittane drikka.
21Så sa han til Aron: «Kva vondt har dette folket gjort deg, sidan du har ført det opp i så stor ei synd?»
22«Ver ikkje vreid på meg, herre!» svara Aron. «Du veit sjølv kor vondt det er, dette folket.
23Dei sa til meg: Lag ein gud som kan gå framføre oss! For vi veit ikkje kvar det har vorte av denne Moses, som førte oss opp frå Egypt.
24Då sa eg til dei: Den som har gull på seg, skal ta det av! Så gav dei meg gullet, og eg kasta det på elden. Såleis vart denne kalven til.»
25Moses såg kor ustyrleg folket var; for Aron hadde mist taket på dei, så dei vart til spott for fiendane sine.
26Då gjekk han fram i porten til leiren og ropa: «Kom hit til meg, alle som høyrer Herren til!» Då flokka heile Levi-ætta seg om han.
27Og han sa til dei: «Så seier Herren, Israels Gud: Spenn sverdet på dykk, alle mann! Gå att og fram i leiren, frå port til port, og slå i hel både brør og vener og frendar!» 5 Mos 33,9
28Levittane gjorde som Moses sa; og den dagen fall det ikring tre tusen mann av folket.
29Då sa Moses: «I dag lyt de via dykk til å vera prestar for Herren; for ingen sparte son sin eller bror sin. Så skal han i dag gje dykk si velsigning.»
30Dagen etter sa Moses til folket: «De har gjort ei stor synd. Men no vil eg stiga opp til Herren; kan henda eg kunne gjera soning for synda dykkar.»
31Så gjekk Moses attende til Herren og sa: «Å, dette folket har gjort ei stor synd! Dei har laga seg ein gud av gull.
32Gjev du ville tilgje dei synda deira! Kan du ikkje, så stryk meg ut or boka som du skriv i!» Sal 69,29; Rom 9,3
33Då svara Herren: «Den som syndar mot meg, stryk eg ut or boka mi.
34Gå no og før folket til den staden eg har sagt deg! Sjå, engelen min skal gå framføre deg. Men når oppgjerdsdagen kjem, skal eg straffa dei for syndene deira.»
35Såleis straffa Herren folket fordi dei tilbad den kalven som Aron hadde laga.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.