1Ein dag kongen sat i huset sitt, etter at Herren hadde gjeve han fred for alle fiendane rundt ikring,
4Men same natta kom Herrens ord til Natan, og det lydde så:
5Gå og sei til David, tenaren min: Så seier Herren: Skulle du byggja eit hus åt meg til å bu i?
6Eg har då ikkje butt i hus heilt frå den tid eg førte israelittane opp frå Egypt, og til denne dag. Men eg har ferdast ikring med eit telt til bustad.
12Når tida di er ute, og du kviler hjå fedrane dine, då vil eg etter deg reisa opp din eigen son og etterkomar, og eg vil grunnfesta kongedømet hans.
25Så lat det no, Herre Gud, stå fast for alltid, det ordet du har tala om tenaren din og huset hans, og gjer som du har sagt!
26Då skal namnet ditt vera stort til evig tid, så folk kjem til å seia: Herren, Allhærs Gud, han er Gud over Israel. Og huset åt David, tenaren din, skal stå urikka for ditt åsyn.
27For du, Herre, Allhærs Gud, Israels Gud, har vitra tenaren din om at du vil byggja han eit hus. Difor har eg våga meg til å bera denne bøna fram for deg.
28Ja, Herre Gud, du er Gud, og det du har lova, skal du halda. Du har gjeve tenaren din denne store lovnaden. Sal 33,4
29Så gjer då vel og velsigna ætta åt tenaren din, så ho alltid må stå urikka for ditt åsyn. For du, Herre Gud, har tala, og med di velsigning vil ætta åt tenaren din vera velsigna til evig tid.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.