1Ei tid etter hende det som no skal forteljast. Absalom, son til David, hadde ei fager syster som heitte Tamar. Henne hadde Amnon, ein annan av sønene til David, vorte glad i.
7Då sende David bod inn i slottet til Tamar: «Gå heim til Amnon, bror din, og stell til mat åt han!»
8Og Tamar gjekk heim til Amnon, bror sin, der han låg til sengs. Ho tok deig, knadde han og stelte til kakene medan Amnon såg på, og steikte dei.
9Så tok ho panna og tømde dei ut framfor han; men han ville ikkje eta. Han bad alle gå ut. Og då dei hadde gått,
10sa han til Tamar: «Kom hit inn i kammeret med maten, så eg kan ta imot han av di hand.» Tamar tok kakene ho hadde laga, og bar dei inn i romet til Amnon, bror sin.
11Men då ho rette dei til han og bad han eta, tok han fatt i henne og sa: «Kom og ligg med meg, syster!»
12Men ho svara: «Nei, bror! Før ikkje vanære over meg! Såvore gjer ein ikkje i Israel. Gjer ikkje eit slikt skjemdarverk!
28Og han sa til mennene sine: «Pass på når Amnon har vorte fjåg av vinen. Då vil eg seia til dykk: Hogg Amnon ned! Så skal de drepa han. De treng ikkje reddast. Det er eg som har gjeve dette påbodet. Ver modige og syn at de er djerve karar!»
29Mennene gjorde med Amnon som Absalom hadde sagt. Då spratt alle dei andre kongssønene opp, kasta seg på muldyra sine og rømde.
30Medan dei endå var på vegen, nådde det ordet til David at Absalom hadde hogge ned alle kongssønene, og at ikkje ein av dei var att.
31Då reiste kongen seg, reiv sund kleda sine og kasta seg ned på jorda. Og alle mennene hans stod der med sundrivne klede.
32Men Jonadab, son til Sjima og brorson til David, tok til ords og sa: «Du må ikkje tru at dei har drepe alle dei unge kongssønene, herre. Det er berre Amnon som har mist livet. For det har etter Absaloms eigne ord vore avgjort heilt frå den dagen han førte vanære over Tamar, syster hans.
33Så bry deg ikkje om det når dei seier at alle kongssønene har mist livet. For det er berre Amnon som er død.»
34Imedan hadde Absalom rømt.
Då vaktmannen såg opp, fekk han auga på ei mengd med folk som kom farande på vegen bak han, langsmed fjellet.
35Då sa Jonadab til kongen: «Sjå, der kjem kongssønene! Det gjekk som tenaren din sa.»
36Ikkje før hadde han sagt det, så kom kongssønene. Dei gret høgt, og kongen og alle mennene hans sette i og gret og klaga.
37Imedan kom Absalom seg unna og fór til Talmai Ammihursson, kongen i Gesjur. Og David syrgde over son sin heile tida.David tek Absalom til nåde
38Absalom rømde og fór til Gesjur. Der vart han verande i tre år.
39Etter kvart heldt kongen opp å bera agg til Absalom. For han var komen over sorga etter Amnon.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.