1I det tjuetredje året Joasj, son til Akasja, var konge i Juda, vart Joakas, son til Jehu, konge i Israel. Han styrte i Samaria i sytten år.
6Likevel gav dei ikkje opp dei syndene som Jeroboams ætt hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei heldt dei fram med. Jamvel Asjera-biletet vart ståande i Samaria.
7Joakas hadde ikkje meir att enn femti hestfolk med ti vogner og ti tusen fotfolk. Resten hadde aramearkongen øydelagt og trakka ned som støv.
8Det som elles er å seia om Joakas og alt det han gjorde, om storverka hans, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
9Joakas gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og Joasj, son hans, vart konge etter han.
10I det trettisjuande året Joasj var konge i Juda, vart Joasj, son til Joakas, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seksten år.
11Joasj gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han gav ikkje opp alle dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei heldt han fram med.
12Det som elles er å seia om Joasj og alt det han gjorde, om storverka hans i striden med Amasja, kongen i Juda, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane. Profeten Elisja døyr
14Då Elisja hadde fått den sjukdomen som han døydde av, kom Joasj, Israels-kongen, til han. Gråtande bøygde han seg ned over han og sa: «Å far, far! Israels vogner og hestfolk!»
24Då aramearkongen Hasael døydde, vart Benhadad, son hans, konge etter han.
25Joasj, son til Joakas, vann då att frå Benhadad, son til Hasael, dei byane som Hasael hadde teke frå Joakas, far hans, då det var ufred mellom dei. Tre gonger slo han Benhadad og tok att dei byane som hadde høyrt Israel til.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.