1Mannen må træla og slita på jorda,
som ein leigekars dagar er hans liv.
2Han liknar trælen som stundar etter skugge,
og tenaren som ventar på løn.
3Så vart månader med møde min lut,
netter med liding min lagnad.
4Når eg legg meg, må eg tenkja:
«Kva tid skal eg stå opp?»
Kvelden vert lang, eg ligg der uroleg
heilt til det ljosnar av dag.
5Min kropp er kledd med verkjesår og skorper,
huda skrukkast og brest.
6Mine dagar fer snøggare enn vevarens skyttel,
dei går til endes utan von.
7Kom i hug at mitt liv er som ein pust!
Aldri meir får eg oppleva lukke.
8Den som ser meg no, skal aldri sjå meg meir,
ser du etter meg, er eg borte.
9Ei sky løysest opp og kverv;
så er det òg med den som fer til dødsriket,
han stig aldri opp att meir.
10Han vender ikkje heim til sitt hus,
hans heimstad ser han aldri meir.
11Så legg eg ikkje band på min munn,
men vil tala i mi djupe naud
og klaga i min sjelekval.
12Er eg eit hav eller havuhyre
sidan du set vakt over meg?
13Når eg seier: «Senga skal vera mi trøyst,
mi lege skal letta mi sut»,
14då skræmer du meg med draumar
og støkkjer meg med syner.
15Aller helst vil eg kjøvast.
Heller døden enn denne liding!
16Eg er lei av dette!
Eg lever ikkje evig.
Lat meg vera!
Mine dagar er som ein pust.
17Kva er eit menneske sidan du set det så høgt
og bryr deg så mykje om det?
18Kvar morgon ser du til det,
kvar augneblink prøver du det.
19Vil du ikkje snart venda augo frå meg
og gje meg ro, så eg kan svelja spyttet?
20Har eg synda, kva skader det deg,
du som vaktar på mennesket?
Kvifor gjer du meg til skyteskive for deg?
Eg har vorte ei bør for meg sjølv.
21Kvifor vil du ikkje tilgje mi synd
og bera over med mi skuld?
For no må eg leggja meg i støvet;
leitar du etter meg, er eg ikkje meir.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.