1Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka, så djevelen skulle freista han.
5Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han på det ytste hjørnet av tempelmuren
6og sa: «Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive:
Han skal gje englane sine påbod om deg,
og dei skal bera deg på hendene,
så du ikkje støyter foten på nokon stein.»
7Men Jesus svara: «Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»
8Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle verdsens rike og deira herlegdom
9og sa: «Alt dette gjev eg deg om du fell ned og tilbed meg.»
10Då sa Jesus til han: «Gå frå meg, Satan! For det står skrive:
Herren din Gud skal du tilbe,
han og ingen annan skal du tena.»
11Då gjekk djevelen frå han, og englar kom og tente han.Jesus tek til med si gjerning(Mark 1,14–15; Luk 4,15–16)
12Då Jesus fekk høyra at Johannes var sett i fengsel, drog han attende til Galilea.
16Det folket som sat i mørker,
har sett eit stort ljos.
For dei som bur i dødens skuggeland,
har ljoset gått opp.
17Frå den tid tok Jesus til å forkynna: «Vend om, for himmelriket er nær!»Dei fyrste læresveinane(Mark 1,16–20; Luk 5,1–11)
18Ein gong Jesus gjekk langsmed Galilea-sjøen, fekk han sjå to brør: Simon, som vert kalla Peter, og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta ei not i sjøen; for dei var fiskarar.
19Han sa til dei: «Fylg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!»
21Då Jesus kom lenger fram, fekk han sjå to andre brør: Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans. Dei sat i båten saman med Sebedeus, far sin, og bøtte nøter. Jesus kalla dei,
22og med ein gong gjekk dei bort frå båten og far sin og fylgde han.
Jesus forkynner og lækjer(Mark 1,39; 3,7–10; Luk 4,44; 6,17–19)23Sidan fór Jesus ikring i heile Galilea; han lærte folket i synagogene deira, forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og vanhelse hjå dei.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.