Lukas 1 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Føreordet åt evangelisten

1Mange har alt freista å skriva opp det som hende hjå oss,

2slik vi har fått det overgjeve av dei som frå fyrste stund var augnevitne og tenarar for Ordet.

18Då sa Sakarja til engelen: «Korleis kan eg vita om dette er sant? Eg er ein gamal mann, og kona mi er òg oppi åra.» Bodskapen til Maria

26Då det leid på sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret,

27til ei møy som var trulova med Josef, ein mann av Davids-ætta; møya heitte Maria.

Mi sjel høglovar Herren,

47og mi ånd frydar seg over Gud, min frelsar.

48For han har sett til si ringe tenestkvinne.

Frå no av skal alle ætter prisa meg sæl,

49for store ting har han gjort mot meg,

han, den mektige, heilagt er hans namn.

50Hans miskunn varer frå ætt til ætt

for dei som har age for han.

51Storverk gjorde han med sin sterke arm;

han spreidde dei som bar på hovmodstankar,

52og støytte stormenn ned frå trona,

men lyfte dei låge opp.

53Han metta dei svoltne med gode gåver,

men sende dei rike tomhendte bort.

54Han tok seg av Israel, tenaren sin,

så han kom i hug

55sin lovnad til fedrane våre

og synte miskunn mot Abraham

og hans ætt – til evig tid.

56Maria vart verande hjå Elisabet om lag tre månader; så fór ho heim att.

Johannes vert fødd

57Så kom tida då Elisabet skulle ha barn, og ho fødde ein son.

58Og då grannane og skyldfolket hennar fekk høyra kor stor miskunn Gud hadde synt henne, gledde dei seg med henne.

59Den åttande dagen kom dei og skulle omskjera guten. Dei ville kalla han Sakarja etter faren,

69Han har reist for oss eit horn til frelse

i sin tenar Davids ætt,

70så som han lova i gamle dagar,

då han tala gjennom sine heilage profetar

71om å frelsa oss frå våre fiendar

og frå alle dei som hatar oss.

72Han vil syna miskunn mot fedrane våre

og minnast si heilage pakt,

73den lovnaden han gav vår far Abraham med eid,

74så vi, frelste frå fiendehand og utan otte,

kan tena han

75for hans åsyn

med heilag hug og rettferd

alle våre dagar.

76Og du, barn, skal kallast profet for Den Høgste,

for du skal gå fram føre Herren

og rydja veg for han

77og læra folket hans å kjenna frelsa,

at syndene deira vert tilgjevne,

78for vår Gud er rik på miskunn.

Så skal ljoset frå det høge

gjesta oss som ei solrenning

79og skina for dei som bur

i mørker og dødsskugge,

og styra føtene våre inn på freds veg.

80Og guten voks og vart sterk i ånda. Han heldt seg i øydemarka til den dagen han steig fram for Israel.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help