Apostelgjerningane 22 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Paulus held forsvarstale til folket

1«Brør og fedrar! Høyr på meg når eg no ber fram forsvaret mitt for dykk!»

17Sidan, då eg var komen attende til Jerusalem og bad i templet, kom det ei bortrykking på meg.

22Så lenge lydde dei på han. Men då dei høyrde dette ordet, sette dei i og ropa: «Bort med han! Ein slik mann skulle ikkje få leva på jorda!» 21,36

23Og dei skreik og veifta med kappene sine og kasta støv opp i veret.

24Då lét kommandanten Paulus førast inn i borga. Han skulle få svepeslag og verta forhøyrd, sa han, så han kunne få vita kvifor dei hadde ropa slik imot han.

25Men då dei hadde bunde Paulus og skulle til å piska han, sa han til offiseren som stod der: «Har de lov til å piska ein romersk borgar, og det utan dom?» 16,37

26Då offiseren høyrde det, gjekk han til kommandanten og sa frå: «Kva er det du tenkjer på? Denne mannen er då romersk borgar.»

27Kommandanten gjekk ut til Paulus og sa: «Sei meg, er du romersk borgar?» «Ja,» svara han.

28«Eg har kjøpt denne borgarretten for ein stor pengesum,» sa kommandanten. «Eg er fødd til han,» svara Paulus.

29Dei som skulle forhøyra han, gjekk då frå han med ein gong. Og kommandanten vart redd då han skjøna at han hadde bunde ein romersk borgar.

Paulus for Rådet

30Dagen etter ville kommandanten ha full greie på kva det var jødane klaga han for. Difor løyste han Paulus or lekkjene, og baud at overprestane og heile Rådet skulle koma saman. Så henta han Paulus og førte han fram for dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help