1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
2Menneske, tal til Jerusalem om alt det stygge byen har gjort,
4Då du kom til verda, gjekk det så til: Den dagen du vart fødd, skar dei ikkje over navlestrengen; dei vaska deg ikkje rein med vatn, gneid deg ikkje inn med salt og la deg ikkje i reivar.
5Ingen hadde medynk med deg, så dei gjorde noko slikt med deg, fordi dei tykte synd i deg. Nei, dei kasta deg ut på marka, fordi dei fekk motvilje mot deg den dagen du vart fødd.
6Då gjekk eg framom og såg deg der du låg og sprala i ditt blod. Og eg sa til deg: «Du som ligg der i blodet ditt, skal leva; du skal leva
7og veksa. Som blomen på marka gjer eg deg.» Og du voks og vart stor, ja, du vart ei fager kvinne. Brysta vart faste, og håret voks. Men du var naken og berr.
8Då eg gjekk framom, fekk eg sjå at tida var komen for deg, tida til å elska. Då breidde eg snippen av kappa mi over deg og løynde din nakne kropp. Eg svor deg truskap og gjorde pakt med deg, og du vart mi, lyder ordet frå Herren Gud.
16Du tok nokre av kleda dine og la dei på haugane som fargerike teppe. Og der dreiv du hor, som det aldri har hendt og aldri vil henda.
17Du tok smykka dine av sølv og gull som eg hadde gjeve deg, og laga deg mannfolkbilete, som du dreiv hor med.
23Så hende det etter at du hadde gjort så mykje vondt – ve, ve deg! seier Herren Gud –
24at du laga deg ei lege eller ein tram på alle torg.
30Å, kor du brann av lyst! lyder ordet frå Herren Gud. At du kunne gjera alt dette og bera deg åt som ei skamlaus skjøkje!
31Du laga ei lege på kvart gatehjørne og bygde deg ein tram på alle torg. Men du var ikkje som andre skjøkjer, for du brydde deg ikkje om skjøkjeløn.
32Du horkvinne, i staden for å halda deg til mannen din tek du framande menn.
33Alle andre skjøkjer får gåver, men du gav løn til alle elskarane dine. Du betalte dei for å koma til deg frå alle kantar og driva hor med deg.
34Såleis gjorde du det motsette av det kvinner plar gjera. Det var ingen som sprang etter deg, og ingen gav deg skjøkjeløn; men sjølv gav du løn. Så bakvendt bar du deg åt.
35Difor, horkvinne, høyr Herrens ord!
36Så seier Herren Gud: Du tok av deg kleda og viste fram din nakne kropp til elskarane dine som du dreiv hor med, alle dei avskyelege avgudane dine, og du drap borna dine som du gav dei.
37Difor vil eg samla alle elskarane dine, som hadde glede av deg, både dei du elska og dei du hata. Eg samlar dei rundt deg frå alle kantar og kler av deg, så dei får sjå deg naken.
44Sjå, alle som brukar ordtak, skal ha dette ordtaket om deg: «Som mora, så dottera.»
45Du er dotter til mor di, som ikkje brydde seg om mann og born. Og du er syster til systrene dine, som ikkje brydde seg om mennene og borna sine. Mor dykkar var ei hetittkvinne og far dykkar ein amoritt.
46Den store syster di er Samaria, som bur med døtrene sine nord for deg. Og den vesle syster di er Sodoma, som bur med døtrene sine sør for deg. 23,4ff
47Du bar deg ikkje åt berre som dei og fór med den same styggedomen, men etter ei kort tid bar du deg verre åt enn dei i alt du tok deg føre. 23,11
48Så sant eg lever, seier Herren Gud: Sodoma, syster di, og døtrene hennar gjorde ikkje slikt som du og døtrene dine har gjort.
49Sjå, hovmod er synda som Sodoma, syster di, gjorde seg skuldig i. Ho og døtrene hennar hadde rikeleg med brød og levde i fred og ro. Men ho sytte ikkje for dei ulukkelege og fattige. 1 Mos 13,10.13; 18,20; 5 Mos 8,12ff; Luk 17,28
50Hovmodige var dei og gjorde slikt som eg har avsky for. Men då eg såg det, dreiv eg dei bort.
51Samaria har ikkje synda halvparten så mykje som du. Du har gjort styggare ting enn systrene dine, og med all din styggedom har du vist at dei er rettferdigare enn du. Jer 3,11
52Så må du òg ta vanæra på deg, du som med di eiga synd har gått god for systrene dine. Fordi du har gjort verre ting enn dei, er dei rettferdigare enn du. Så må du skjemmast og bera di vanære, sidan du har vist at systrene dine er rettferdigare.
53Men eg vil venda lagnaden for Sodoma og døtrene hennar og for Samaria og døtrene hennar. Og samstundes vil eg venda lagnaden for deg. 5 Mos 30,3; Jer 29,14+
54Så skal du bera di vanære og skjemmast av alt du har gjort, og såleis vera til trøyst for dei.
55Syster di, Sodoma, og døtrene hennar skal koma i same stilling som før, like eins Samaria og døtrene hennar; og med deg og døtrene dine skal det òg verta som før.
56Tala du ikkje mykje om Sodoma, syster di, den tid du var hovmodig?
57Det var før vondskapen din vart synleg. Men no har du vorte til spott og spe for Edoms døtrer og alle der ikring og for filistardøtrene, som hånar deg på alle kantar.
58Di vanære og all din styggedom må du bera sjølv, lyder ordet frå Herren.
59Ja, så seier Herren Gud: Eg gjer med deg som du sjølv gjorde då du vanvørde eiden og braut pakta.
60Men eg vil minnast pakta eg gjorde med deg då du var ung, og eg vil skipa ei evig pakt med deg. Jer 31,31–34; Hos 2,15.19
61Du skal minnast di åtferd og skjemmast når eg tek systrene dine, både dei som er større enn du, og dei som er mindre, og gjer dei til døtrene dine, endå dei ikkje er i pakt med deg. 20,43; 36,31.32
62Når eg gjer mi pakt med deg, då skal du sanna at eg er Herren.
63Så skal du minnast di åtferd og blygjast og aldri meir opna din munn for skam, når eg tilgjev deg alt du har gjort, lyder ordet frå Herren Gud.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.