1Moses svara: «Dei vil vel ikkje tru meg og ikkje høyra på meg, men seia at Herren ikkje har synt seg for meg.»
2Då spurde Herren: «Kva er det du har i handa?» «Ein stav,» svara han.
10Men Moses sa til Herren: «Høyr meg, Herre! Eg har aldri vore nokon veltalande mann, korkje før eller no etter at du tok til å tala med tenaren din; eg er både tungmælt og seinmælt.»
13Men han sa: «Å Herre, send ein annan, send kven du vil!»
14Då vart Herren harm på Moses og sa: «Har du ikkje Aron, bror din, levitten? Eg veit at han kan tala. No kjem han og møter deg, og når han ser deg, vert han hjarteglad.
15Han skal du tala til og leggja orda i munnen på. Så skal eg vera med både deg og han når de talar, og læra dykk kva de skal gjera.
24Medan Moses var på vegen og stogga natta over ein stad, kom Herren imot han og ville drepa han. 1 Mos 17,13f
25Då tok Sippora ein kvass stein og skar av førehuda på son sin. Ho kom nær Moses mellom føtene og sa: «Du er meg ein blodbrudgom.»
26Så lét Herren han vera. Det var omskjeringa ho tenkte på då ho sa blodbrudgom.
27Herren sa til Aron: «Gå og møt Moses i øydemarka!» Då gjekk han og møtte Moses attmed Guds-fjellet og kyste han. 3,1
28Og Moses kunngjorde for Aron alle dei ord som Herren hadde sendt han med, og alle dei teikn han hadde sett han til å gjera.
29Så gjekk Moses og Aron og samla alle dei eldste av israelittane.
30Aron bar fram alle dei orda som Herren hadde tala til Moses, og han gjorde teikna, medan folket såg på.
31Og folket trudde. Då dei høyrde at Herren hadde teke seg av israelittane og sett kva vande dei var i, bøygde dei seg til jorda og tilbad.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.