1Herren sa til Moses:
2«Du skal ta hemn over midjanittane for det dei har gjort mot israelittane. Sidan skal du fara til fedrane dine.»
3Då tala Moses til folket og sa: «Nokre av dykk må bu seg til strid. Dei skal gå mot midjanittane og fullføra Herrens hemn over dei.
4Tusen mann frå kvar av Israels-ættene skal de senda ut i hærferd.»
5Så valde dei ut tusen mann frå kvar ætt i heile Israel, i alt tolv tusen stridsbudde menn.
6Dei sende Moses i hærferd, tusen mann frå kvar ætt, og saman med dei Pinhas, son til presten Elasar. Han hadde med seg dei heilage tinga og signaltrompetane.
7Dei gjekk til strid mot Midjan, som Herren hadde sagt Moses føre, og drap alle mennene der.
8Mellom dei som fall i slaget, var Midjan-kongane Evi, Rekem, Sur, Hur og Reba; det var dei fem kongane i Midjan. Bileam, son til Beor, fall òg for sverdet deira. 19,9
24Den sjuande dagen skal de vaska kleda dykkar, så de vert reine; og sidan kan de koma inn i leiren.»
25Herren sa til Moses:
26«Du og presten Elasar og ættehovdingane i folket skal telja opp hærfanget dei har teke, både av folk og fe,
27og skifta det likt mellom stridsmennene som var med på hærferda, og resten av folket. 1 Sam 30,23ff
28Av krigarane skal du krevja ei avgift til Herren: éin av kvart femte hundre, både av folk og storfe og esel og småfe.
29Dette skal takast av den halvparten som fell på krigarane, og du skal gje det til presten Elasar; det skal vera ei gåve til Herren.
30Av den halvparten som fell på resten av israelittane, skal du ta ein av femti, både av folk og storfe og esel og småfe, av heile buskapen, og gje til levittane, som tek seg av tenesta i Herrens bustad.»
31Moses og presten Elasar gjorde som Herren hadde sagt Moses føre.
32Hærfanget, det som var att av det krigarane hadde røva, var i alt 675 000 sauer,
3372 000 oksar og kyr
34og 61 000 esel.
35Av menneske var det i alt 32 000 kvinner som ikkje hadde lege med menn.
36Den halvparten som fall på krigarane, var 337 500 sauer
37– av dei var 675 avgift til Herren;
3836 000 oksar og kyr – av dei var 72 avgift til Herren,
39og 30 500 esel – av dei var 61 avgift til Herren.
40Talet på menneske var 16 000 – av dei var 32 avgift til Herren.
41Avgifta som skulle vera ei gåve til Herren, gav Moses til presten Elasar, som Herren hadde sagt han føre.
42Den halvparten som fall på resten av israelittane, og som Moses hadde teke frå krigarane,
43den halvparten som folket fekk, var 337 500 sauer,
4436 000 oksar og kyr,
4530 500 esel
46og 16 000 menneske.
47Av denne halvparten, den som fall på israelittane, tok Moses ein av femti, både av folk og fe; han gav dei til levittane, som stod for tenesta i Herrens bustad, som Herren hadde sagt han føre.
48Så gjekk hærførarane fram for Moses, både dei som stod over tusen og dei som stod over hundre mann.
49Dei sa til han: «Tenarane dine har teke tal på dei krigarane vi hadde under oss, og det vanta ikkje ein mann.
50Og no kjem vi med ei gåve til Herren, slike ting av gull som kvar av oss har funne: armringar, armband, fingerringar, øyreringar og halskjeder. Det skal vera til soning for oss hjå Herren.»
51Moses og presten Elasar tok imot gullet dei kom med, alle slag fint arbeidde ting.
52Dei gåvene av gull som tusenmannsførarane og hundremannsførarane gav i avgift til Herren, var i alt 16 750 sekel.
53Men det hærfanget som mannskapet hadde vunne, tok dei sjølve.
54Då Moses og presten Elasar hadde teke imot gullet av tusenmannsførarane og hundremannsførarane, bar dei det inn i møteteltet. Det skulle minna Herren om israelittane.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.