1Difor, heilage brør, de som har fått del i det himmelske kallet, sjå på den utsendingen og øvstepresten som vi vedkjennest, Jesus. I dag, om de høyrer hans røyst
7Difor, som Den Heilage Ande seier:
I dag, om de høyrer hans røyst,
8så gjer ikkje hjarto dykkar harde
som den gongen fedrane dykkar trassa meg,
den dagen dei eggja meg i øydemarka.
9Der eggja dei meg
og sette meg på prøve,
10endå dei hadde sett mine gjerningar i førti år.
Difor fekk eg uvilje mot denne ætta
og sa: Dei fer alltid vilt i sitt hjarta,
dei kjenner ikkje mine vegar.
11Så svor eg i min vreide:
Dei skal aldri koma inn til mi kvile!
12Sjå til, brør, at ikkje nokon av dykk har eit vondt, vantruande hjarta, så han fell frå den levande Gud. 12,15
13Set mot i kvarandre kvar dag så lenge det heiter «i dag», så ikkje nokon av dykk skal la seg dåra av synda og verta forherda. 10,25
14For vi har fått del i Kristus. Lat oss berre heilt til enden halda fast på det grunnlaget som vi hadde i den fyrste tida. 3,6
15Når det heiter:
I dag, om de høyrer hans røyst,
så gjer ikkje hjarto dykkar harde
som den gongen dei trassa meg,
16kven var det då som høyrde, men likevel var trassige? Var det ikkje alle dei som Moses hadde ført ut or Egypt?
17Kven var det han hadde uvilje mot i førti år? Var det ikkje dei som synda og fall døde om i øydemarka? 4 Mos 14,29; 1 Kor 10,10
18Og kven var det han meinte då han svor at dei ikkje skulle koma inn til hans kvile? Var det ikkje dei som var ulydige? 4 Mos 14,22f; Hebr 3,11
19Så ser vi at det var vantru som gjorde at dei ikkje kunne koma inn.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.