Salmane 138 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herren vil fullføra verket

1Av David.

Eg prisar deg, Herre, av heile mitt hjarta,

eg lovsyng deg for augo på gudar.

2Eg kastar meg ned for ditt heilage tempel

og prisar deg for di miskunn og din truskap.

Du har gjort ditt namn og ditt ord

større enn alle ting.

3Den dagen eg ropa, svara du meg;

du gav meg mot og kraft i sjela.

4Alle kongar på jord skal prisa deg, Herre,

når dei får høyra dei ord du har tala.

5Dei skal syngja om Herrens vegar,

for Herrens herlegdom er stor.

6Ja, høg er Herren, men han ser til den låge,

langt bortanfrå kjenner han den stolte.

7Om eg ferdast i trengsle, held du meg i live,

du retter ut di hand mot mine rasande fiendar

og bergar meg med di høgre hand.

8Herren vil fullføra verket for meg.

Herre, di miskunn varer evig.

Hald ikkje opp med det verk du gjer!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help