1Striden mellom Sauls-ætta og Davids-ætta vart dryg. Og David vart sterkare og sterkare, men Sauls-ætta veikare og veikare.
David får søner i Hebron2David fekk desse sønene medan han budde i Hebron: Den fyrste var Amnon, som han fekk med Akinoam frå Jisre'el.
17Imedan hadde Abner tala med dei eldste i Israel og sagt: «I lang tid har de ynskt å få David til konge.
18Så lat han no verta det! For Herren har sagt om David: Gjennom David, tenaren min, vil eg berga Israel, folket mitt, frå filistarane og alle dei andre fiendane deira.»
19Sameleis tala han med mennene frå Benjamin òg. Så fór han til Hebron og ville fortelja David kva israelittane og alle benjaminittane hadde sett seg føre.
20Då Abner kom til David i Hebron med eit fylgje på tjue mann, heldt David eit gjestebod for han og mennene som var med han.
21Og Abner sa til David: «No vil eg fara i veg og samla heile Israel for deg, herre konge. Så gjer dei pakt med deg, og du kan rå over heile det riket du ynskjer deg.» David lét Abner fara, og han drog trygt bort.
Drapet på Abner22Davids menn og Joab kom heim frå ei herjeferd og hadde mykje hærfang med seg. Abner var då ikkje lenger hjå David i Hebron, for David hadde late han fara, og han hadde drege trygt bort.
23Då Joab var vel heime att med heile hæren, kom det nokre menn til han og sa: «Abner Nersson kom til kongen, og han lét han fara trygt bort.»
24Då gjekk Joab inn til kongen og sa: «Kva er det du har gjort? Når Abner kom til deg, kvifor lét du han då fara sin veg?
25Du kjenner då Abner Nersson? Han kom hit berre for å lura deg og for å få greie på kvar du ferdast, og kva du tek deg føre.»
26Då Joab kom ut att frå David, sende han nokre menn etter Abner, og dei fekk han til å snu ved Sira-brunnen. Men det visste ikkje David.
27Då så Abner kom attende til Hebron, tok Joab han til sides i byporten og lest vilja tala med han i fred og ro. Der rende han sverdet inn i magen hans og drap han; han ville hemna Asael, bror sin.
28Sidan fekk David høyra om dette. Då sa han: «Aldri vil Herren halda meg og kongedømet mitt skuldig i drapet på Abner Nersson.
29Gjev straffa må koma over Joabs hovud og over heile farsætta hans! Gjev det i Joabs ætt alltid må vera folk som har utflod eller hudsjukdom, som går med krykkjer, fell for sverd eller er matlause.»
30Såleis drap Joab og Abisjai, bror hans, Abner fordi han hadde felt Asael, bror deira, i slaget ved Gibeon.
31Så sa David til Joab og til alle som var med han: «Riv sund kleda dykkar, ta på dykk syrgjeplagg og hald lik-klage over Abner!» Sjølv gjekk kong David etter båra.
32Dei gravla Abner i Hebron. Kongen gret høgt ved grava hans, og alt folket gret.
33Og kongen kvad ein klagesong over Abner:
Laut Abner døy som ein niding døyr?
34Dine hender var ikkje bundne,
dine føter ikkje lagde i lekkjer.
Du fall som ein fell for ugjerningsmenn.
Då gret folket endå meir over han.
35Sidan kom folket og ville få David til å eta medan det endå var dag. Men han svor: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg smakar brød eller noko anna før sola er gladd!»
36Folket merka seg dette og lika det godt. Alt det kongen gjorde, lika dei godt.
37Den dagen skjøna alle som var samla, ja heile Israel, at det ikkje var kongen som stod bak drapet på Abner Nersson.
38Og kongen sa til mennene sine: «De skjønar vel at ein hovding og stor mann i Israel er fallen i dag.
39Eg er enno for veik, om eg er salva til konge, og desse mennene, Seruja-sønene, er for sterke for meg. Gjev Herren må løna ugjerningsmannen for det vonde han har gjort!»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.