1. Krønikebok 27 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Hærførarane åt David

1Dette er talet på ættehovdingane åt israelittane, tusenmannsførarane og hundremannsførarane og tilsynsmennene som tente kongen i alt det som hadde med hærflokken å gjera. Heile året arbeidde desse flokkane på skift, ein månad om gongen, og kvar av dei var på tjuefire tusen mann.

2Over den fyrste hærflokken, som gjorde teneste i den fyrste månaden, stod Jasjobam, son til Sabdiel. Flokken hans var på tjuefire tusen mann.

7Den fjerde hærføraren, han som gjorde teneste i den fjerde månaden, var Asael, bror til Joab, og etter han Sebadja, son hans. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.

25Asmavet, son til Adiel, hadde tilsyn med skattane åt kongen, og Jonatan, son til Ussia, med lagera ute på landet, i byar, landsbyar og festningstårn.

26Esri, son til Kelub, hadde tilsyn med dei som arbeidde på marka og dyrka jorda.

27Sjimi frå Rama såg til med vingardane og Sabdi frå Sjefam med vinlagera i vingardane.

28Ba'al-Hanan frå Geder hadde tilsyn med oliventrea og morbærtrea i Sjefela og Joasj med oljelagera.

29Sjitrai frå Saron såg til med storfeet som gjekk på beite i Saron, og Sjafat, son til Adlai, med storfeet i dalane,

30Obil frå Ismael med kamelane, Jekdeja frå Meronot med esla

31og Jasis, hagritten, med småfeet. Alle desse var tilsynsmenn over eigedomen åt kong David.

32Jonatan, farbror til David, var rådgjevar. Han var ein klok og skriftlærd mann. Jehiel, son til Hakmoni, fylgde alltid kongssønene.

33Akitofel var rådgjevaren åt kongen, og Husjai av Arak-ætta var venen hans.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help