1Ei bøn av profeten Habakkuk. Som ein klagesalme.
2Herre, eg høyrde fråsegn om deg
og fekk age for ditt verk, Herre.
Gjer det opp att i vår eiga tid,
gjer det kjent før tida er ute!
Gløym ikkje å visa miskunn
når du vert harm!
3Gud kjem frå Teman,
Den Heilage frå Paran-fjellet. Sela
Hans herlegdom er utbreidd over himmelen,
jorda er full av hans pris.
4Glansen frå han er som ljoset,
strålar går ut frå hans hand,
og i dei er makta hans løynd.
5Føre han går pesten,
i hans fotefar fylgjer sott.
6Han skrid fram, og jorda rister,
folkeslag skjelv når han ser opp.
Dei gamle fjella rivnar,
eldgamle åsar sig i hop.
Han går fram som i gamal tid.
7Eg ser uhyggja kvila over Kusjans telt,
og teltdukane i Midjan skjelv.
8Er du harm på elvane, Herre,
logar din vreide mot dei,
harmast du på havet,
når du fer fram på dine hestar,
på dine sigersvogner?
9Du tek fram din boge
og mettar han med piler frå ditt pilehus. Sela
Du kløyver jorda så elvar renn.
10Fjella ser deg og skjelv,
regnet fossar ned,
havdjupet buldrar og brusar.
Dei lyfter si hand mot det høge.
11Sol og måne er i sin bustad;
dei rømer for dine blinkande piler,
for ditt lynande spyd.
12I harme skrid du fram over jorda,
i vreide trakkar du folka ned.
13Du dreg ut for å frelsa ditt folk,
for å frelsa han du har salva.
Du knuser taket på huset åt den gudlause,
legg grunnvollen berr heilt ned på fjellet. Sela
14Du renner spydet
gjennom hovudet på hans hovdingar,
dei stormar fram, vil driva meg bort,
og gleder seg som om dei i løynd
skulle gjera ende på ein stakkar.
15Med hestane dine fer du over havet,
der veldige brenningar brusar.
16Eg høyrde det, då skalv min kropp,
og lippene bivra ved lyden.
Det kom verk i mine lemer,
under meg skalv mine føter.
Roleg ventar eg på trengselsdagen,
at han skal koma over det folket som plyndrar oss.
17For fikentreet blømer ikkje,
og vintreet ber ikkje frukt.
Olivenhausten slår feil,
og markene gjev ikkje føde.
Sauene er borte frå kvea,
og fjøset er tomt for fe.
18Men eg vil gleda meg i Herren,
jubla over Gud, min frelsar.
19Herren Gud er min styrke.
Han gjev meg føter som ei hind
og lèt meg ferdast på høgdene.
Til korleiaren. Med strengespel.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.