Salmane 83 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Bøn om hjelp mot Israels fiendar

1Ein song. Ein Asaf-salme.

2Gud, hald deg ikkje i ro,

ver ikkje still og tagal, Gud!

3For sjå, dine fiendar er i opprør,

dei som hatar deg, lyfter hovudet.

4Dei legg lumske planar mot ditt folk,

dei held samråd mot dei du vernar:

5«Kom, lat oss sletta dei ut som folk,

så ingen meir kjem Israels namn i hug!»

6Dei held råd og vert samde,

så gjer dei samband mot deg:

7dei som bur i Edoms og Ismaels telt,

moabittane og hagrittane,

8Gebal, Ammon og Amalek,

filistarane og dei som bur i Tyrus;

9jamvel Assur går i lag med dei

og låner sin arm til Lots søner. Sela

10Gjer med dei som med Midjan,

med Sisera og Jabin ved Kisjon-bekken.

11Dei fekk si endelykt ved En-Dor

og vart til gjødsel på marka.

12Lat det gå deira stormenn som Oreb og Se'eb

og alle deira fyrstar som Sebah og Salmunna!

13For dei seier:

«Vi vil ta Guds bustader i eige.»

14Min Gud, lat dei verta lik ein kvervlande tistel,

lik halmstrå som fyk for vinden.

15Som elden brenner opp ein skog

og logane set fjell i brann,

16så må du jaga dei med ditt uver

og skræma dei med din storm.

17Lat deira andlet raudna av skam,

så dei spør etter ditt namn, Herre.

18Lat dei skjemmast og skræmast for alltid,

lat dei verta vanæra og gå til grunne!

19Gjev dei må skjøna at einast du,

du som ber namnet Herren,

er Den Høgste over all jorda.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help