Matteus 6 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Ære av menneske – ære av Gud

1Akta dykk at de ikkje gjer dei gode gjerningane dykkar for augo på folk, så dei skal leggja merke til det. Då får de inga løn hjå Far dykkar i himmelen. Fadervår(Luk 11,2–4)

7Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur at dei vert bønhøyrde berre dei brukar mange ord.

Fader vår, du som er i himmelen!

Lat namnet ditt helgast.

10Lat riket ditt koma.

Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.

11Gjev oss i dag vårt daglege brød.

12Forlat oss vår skuld,

som vi òg forlèt våre skuldmenn.

13Før oss ikkje ut i freisting,

men frels oss frå det vonde.

For riket er ditt, og makta og æra i all æve.

Amen.

14For om de tilgjev andre menneske den urett dei gjer mot dykk, så skal Far dykkar i himmelen tilgje dykk òg. Den rette faste

16Når de fastar, skal de ikkje gjera dykk sturne som hyklarane; dei skaper seg til, så folk skal sjå at dei fastar. Sanneleg, det seier eg dykk: Dei har alt fått si løn.

17Men når du fastar, skal du salva hovudet og vaska andletet,

18så ingen ser at du fastar, utan Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, han skal løna deg.

Eit heilt hjarta(Luk 12,33–34; 11,34–36; 16,13)

19Samla dykk ikkje skattar på jorda, der mòl og makk øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel. Syt ikkje!(Luk 12,22–31)

25Difor seier eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for kroppen dykkar, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? Fil 4,6; 1 Pet 5,7

26Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen føder dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? 10,29f

27Kven av dykk kan med all si sut leggja ei einaste alen til livslengda si?

28Og kvifor syter de for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje og spinn ikkje,

29men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. 1 Kong 10

30Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande!

31Så må de ikkje syta og seia: Kva skal vi eta? eller: Kva skal vi drikka? eller: Kva skal vi kle oss med?

32For alt det spør heidningane etter; men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette.

33Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 1 Kong 3,11ff; Sal 37,25; Matt 19,29; Luk 10,42; Kol 3,1f

34Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help