Hebrearane 1 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Gud har tala gjennom Sonen

1I fordoms tid tala Gud mange gonger og på mange måtar til fedrane gjennom profetane.

2Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda. Sonen står over englane

4Såleis vart han mykje større enn englane; for det namnet han har fått, er så mykje større enn deira.

Du er son min,

eg har født deg i dag?

Eller, som det òg står:

Eg vil vera far hans,

og han skal vera son min.

6Men når han atter fører den fyrstefødde inn i verda, seier han:

Alle Guds englar skal tilbe han.

7Og om englane seier han:

Han gjer englane sine til vindar,

tenarane sine til logande eld.

8Men om Sonen:

Din kongsstol, Gud, står i all æve,

rettferds stav er din kongsstav.

9Du har elska rettferd og hata urett;

difor, Gud, har din Gud salva deg

med fagnads olje framfor dine frendar.

10Og vidare:

Du, Herre, i opphavet grunnla du jorda,

og himmelen er eit verk av dine hender.

11Dei skal gå til grunne, men du vert verande.

Dei skal alle eldast som ein klednad;

12du rullar dei saman som ei kappe,

dei vert utskifte som klede.

Men du er den same,

dine år tek aldri ende.

13Til kven av englane har han nokon gong sagt:

Set deg ved mi høgre hand

til eg får lagt dine fiendar

til skammel for dine føter?

14Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og vert utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help