1Imedan hadde Boas gått opp til byporten og sett seg der. Då høvde det så at den løysingsmannen som Boas hadde tala om, gjekk framom, og Boas sa: «Kom hit og set deg!» Då kom han og sette seg.
2No kalla Boas til seg ti menn av dei eldste i byen og sa: «Set dykk her!» Og dei sette seg.
3Så sa han til løysingsmannen: «No'omi, som er komen heim att frå Moab, vil selja det jordstykket som Elimelek, slektningen vår, åtte.
4Eg tenkte at eg ville varsla deg om dette og seia: Kjøp det du medan dei er til stades, dei som sit her, medan dei eldste i folket mitt er til stades! Vil du løysa det, så gjer det! Vil du ikkje løysa det, så sei frå, så eg får vita det! For ingen annan har løysingsretten enn du, og nest etter deg er det eg sjølv.» Han svara: «Eg vil løysa det.»
5Då sa Boas: «Men når du kjøper jordstykket av No'omi, må du òg ta moabittkvinna Rut, enkja, så den avlidne kan få ein arving til arvelut.» Rut vert ættemor til David
13Så tok Boas Rut heim til seg, og ho vart kona hans. Då han kom saman med henne, laga Herren det så at ho vart med barn, og ho fekk ein son. Sal 127,3
14Då sa kvinnene til No'omi: «Lova vere Herren, som ikkje lét deg vanta løysingsmann i dag! Gjev denne sonen må verta namngjeten i Israel!
15Han skal gje deg ny kraft og syta for deg i alderdomen. For sonekona di, som held så av deg, er mor hans, og ho er meir for deg enn sju søner.»
16Så tok No'omi guten og la han på fanget sitt, og ho vart fostermor hans.
17Og grannekonene gav han namn og sa: «No'omi har fått ein son!» Dei kalla han Obed. Han fekk sonen Isai, som vart far til David.
18Dette er etterkomarane etter Peres: Peres fekk sonen Hesron, 1 Krøn 2,5–15; Matt 1,3–5; Luk 3,31–33
19Hesron fekk sonen Ram, Ram fekk sonen Amminadab,
20Amminadab fekk sonen Naksjon, Naksjon fekk sonen Salma,
21Salma fekk sonen Boas, Boas fekk sonen Obed,
22Obed fekk sonen Isai, og Isai fekk sonen David.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.