1Gå ikring i Jerusalems gater
og merk dykk det de ser,
leita på torg og plassar
om de finn einkvan,
om det finst ein einaste som gjer rett
og legg vinn på truskap,
så eg kan tilgje folket i byen.
2Dei seier nok:
«Så sant Herren lever»,
men gjer likevel rang eid.
3Herre, du ser då etter truskap.
Om du slår dei,
kjenner dei ikkje vondt,
om du gjer ende på dei,
lèt dei seg ikkje aga.
Dei gjer andletet hardare enn stein
og vil ikkje venda om.
4Eg tenkte:
Det er berre småkårsfolk,
dei ber seg åt som dårar;
for dei kjenner ikkje Herrens veg,
den retten deira Gud krev.
5No vil eg gå til dei store
og tala med dei,
for dei kjenner Herrens veg,
den retten deira Gud krev.
Men dei har alle brote åket
og slite sund lekkjene.
6Difor skal løva frå skogen slå dei ned,
steppeulven skal herja mellom dei;
attmed byane ligg leoparden på lur,
alle som går ut, vert rivne i hel.
For deira brot er mange,
gong på gong har dei falle frå.
7Kvifor skulle eg tilgje deg?
Sønene dine har gått bort frå meg
og svore ved gudar som ikkje er til.
Eg gav dei det dei trong,
men dei dreiv hor
og samla seg i horehuset.
8Dei er som brunstige, velfødde hestar,
kvar mann kneggjar etter kona til grannen.
9Skulle eg ikkje krevja dei til rekneskap for dette?
lyder ordet frå Herren.
Skulle eg ikkje hemna meg
på eit såvore folk?
10Stig opp på terrassane i byen,
øydelegg dei, men ikkje heilt!
Ta bort vinrankene der,
for dei høyrer ikkje Herren til.
11Ja, dei har vore trulause mot meg,
både Israels ætt og Judas ætt,
lyder ordet frå Herren.
12Dei fornektar Herren og seier:
«Han gjer ingen ting.
Ulukka kjem ikkje over oss,
sverd og svolt skal vi ikkje sjå.
13Profetane skal verta til vind;
Herrens ord er ikkje i dei,
difor skal det gå dei så.»
14Difor seier Herren, Allhærs Gud:
Sidan de talar slike ord,
gjer eg mine ord i din munn til eld
og dette folket til ved
som elden skal øyda. Fienden et opp alt
15No sender eg mot dykk, Israels ætt,
eit folk som kjem langt bortanfrå,
lyder ordet frå Herren.
Det er eit folk som ingen vinn over,
eit folk frå gamal tid.
Du kjenner ikkje språket deira
og skjønar ikkje kva dei seier.
16Deira pilehus er som ei open grav,
kjemper er dei alle.
17Dei et opp ditt korn og brød,
dei et dine søner og døtrer,
dei et opp ditt småfe og storfe,
dei et dine vintre og fikentre.
Dine festningsbyar som du lit på,
skal dei øyda med sverd.
18Men jamvel i dei dagane, lyder ordet frå Herren, vil eg ikkje reint gjera ende på dykk. Vil de ikkje ha age for meg?
20Kunngjer dette i Jakobs ætt,
og rop det ut i Juda:
21Høyr dette, du uvituge folk
som ikkje eig skjøn,
som har augo, men ikkje ser,
og øyro, men ikkje høyrer.
22Har de ikkje age for meg,
skjelv de ikkje for mitt åsyn?
lyder ordet frå Herren,
eg som gav havet ei sandstrand til grense,
ein evig skipnad det ikkje kan krenkja.
Om det bryt på, har det inga makt,
om bylgjene brusar, når dei ikkje over.
23Men dette folket er trassig og stridlyndt,
dei har vike av og gått sin veg.
24Dei seier ikkje med seg sjølve:
«Lat oss ottast Herren vår Gud,
han som sender regn i rette tid,
både haustregn og vårregn,
og syter for at vi kan hausta inn
i dei vekene som er fastsette til det.»
25Men fordi de har gjort vondt,
har dette kome ut av lage;
det er syndene dykkar
som held alt dette gode borte frå dykk.
26For det finst gudlause menn i folket mitt.
Dei ligg og lurer
som når fuglefangarar huker seg ned,
set farlege snarer og fangar menneske.
27Som eit bur er fullt av fuglar,
er husa deira fulle av svik.
Difor har dei vorte store og rike,
28tjukke og feite er dei.
Det fløymer over med vonde ord.
Dei dømer ikkje rett,
tek seg ikkje av saka åt farlause,
så ho kan lukkast for dei,
og syter ikkje for at fattigfolk får sin rett.
29Skulle eg ikkje krevja dei til rekneskap for dette?
lyder ordet frå Herren.
Skulle eg ikkje hemna meg
på eit såvore folk?
30Det er fæle, ja, gruelege ting
som går føre seg i landet.
31Profetane spår ved Lygna,
prestane styrer og rår som dei vil,
og folket mitt likar det så.
Men kva vil de gjera
når enden på dette kjem?
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.