1Ein turr brødbit i ro og fred
er betre enn festmåltid med trette i huset.
2Det kan henda at ein klok træl
får råda over ein uvisleg son
og får dela arven med brørne.
3Sølvet smeltar dei i digelen
og gullet i smelteomnen,
men hjarto er det Herren som prøver.
4Ugjerningsmannen aktar på vonde tunger,
lygnaren høyrer på skadeleg snakk.
5Den som spottar den fattige, hånar hans skapar,
den som gleder seg over ulukke, slepp ikkje straff.
6Barneborn er ei krone for dei gamle,
og borna er stolte av fedrane sine.
7Det sømer seg ikkje for dåren å bruka store ord,
enn mindre for ein stormann å lyga.
8Ein lukkestein er ei gåve for eigaren,
kvar han vender seg, går det han godt.
9Den som dekkjer over skuld, legg vinn på venskap,
den som fer med slarv, skil ven frå ven.
10Skjenn har betre verknad på den vituge
enn hundre slag på dåren.
11Den vonde vil ikkje anna enn opprør,
men eit nådelaust sendebod kjem til han.
12Det er betre å møta ei binne som har mist sine ungar,
enn å møta ein dåre, dum som han er.
13Når nokon løner godt med vondt,
skal ulukka aldri vika frå huset hans.
14Å yppa strid er som å opna for vatn.
Hald opp før tretta bryt laus!
15Både å frikjenna ein skuldig og å døma ein rettferdig
er ein styggedom for Herren.
16Kva hjelper pengar i handa på dåren?
Kan han kjøpa seg visdom når han ikkje har vit?
17Ein ven viser alltid kjærleik,
og ein frende er fødd til å hjelpa i naud.
18Tankelaus er den som gjev handslag
og borgar for nesten sin.
19Den som likar trette, likar synd;
og den som lagar ei stor dør,
søkjer sin eigen undergang.
20Det falske hjarta finn inga lukke,
er tunga svikefull, kjem ein i naud.
21Sorg får den som har ein dåre til son,
far til ein narr har inga glede.
22Glede i hjarta gjev god helse,
mismod tærer på merg og bein.
23Den vonde tek gåver ut or si lomme,
med dei vil han rengja retten.
24Den kloke har visdom for auga,
men dårens augo når til heimsens ende.
25Ein uvitug son argar far sin,
er til beisk sorg for henne som fødde han.
26Det er ille for rettvis mann å måtta betala bot,
men at stormenn vert slegne, er i strid med all rett.
27Klok er den som sparer på orda,
den kaldblodige er ein vitug mann.
28Når dåren teier, går han òg for vis,
når han held munn, gjeld han for klok.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.