1Medan Apollos var i Korint, drog Paulus gjennom innlandet og kom til Efesos. Der møtte han nokre læresveinar
2og spurde dei: «Fekk de Den Heilage Ande då de kom til tru?» «Nei,» svara dei, «vi har ikkje eingong høyrt at det er nokon Heilag Ande.»
20Såleis hadde Herrens ord sterk framgang og fekk stor makt.
21Då alt dette var fullført, sette Paulus seg føre å fara gjennom Makedonia og Akaia og heilt til Jerusalem. Og han sa: «Når eg har vore der, må eg vitja Roma òg.» Uro i Efesos
23På den tid vart det eit stort oppstyr om Herrens veg.
24Ein sølvsmed som heitte Demetrius, laga Artemis-tempel av sølv og hjelpte handverkarane til god inntekt.
25Ein dag kalla han saman både dei og arbeidarane som dreiv med dette, og sa: «Godt folk! De veit at velstanden vår kjem frå dette arbeidet.
26Men no kan de både sjå og høyra korleis denne Paulus overtel menneske i store mengder og fører dei vilt, ikkje berre her i Efesos, men i mest heile Asia. Han seier at gudar som er laga av menneskehender, ikkje er gudar. 20,4; 27,2; Kol 4,10; Filem 24
30Paulus ville gå inn i folkehopen, men læresveinane hindra han.
31Nokre av rådsherrane for Asia-provinsen, som var venene hans, sende bod til han at han ikkje måtte våga seg inn i teatret.
32Dei ropa og skreik i munnen på kvarandre, for heile folkehopen var i ei røre, og dei fleste visste ikkje eingong kva dei hadde kome saman for.
33Då skuva jødane fram ein mann som heitte Aleksander, og nokre i flokken sette han inn i saka. Aleksander gjorde teikn med handa og ville halda ein forsvarstale til folket.
34Men då dei skjøna at han var jøde, skreik dei alle i kor i to samfulle timar: «Stor er Artemis, efesargudinna!» 16,20
35Til sist greidde byskrivaren å roa folkehopen og sa: «Efesarar, finst det noko menneske som ikkje veit at efesarbyen er sett til å ta vare på templet åt den store Artemis og biletet hennar, det som har falle ned frå himmelen?
36Dette kan ingen nekta, og difor bør de no vera rolege og ikkje fara for brått fram.
37No har de ført hit desse mennene som korkje er tempelranarar eller har spotta gudinna vår.
38Vil Demetrius og handverkarane hans reisa sak mot nokon, så har vi dei vanlege rettsmøta, og vi har våre fylkeshovdingar; partane kan stemna kvarandre for retten.
39Og har de noko anna å krevja, skal det verta avgjort på det lovlege folketinget.
40Etter det som har hendt i dag, kan vi lett verta klaga for opprør. Og vi har ingen ting å visa til når vi vert kravde til rekneskap for dette oppstyret.» Med så sagt fekk han folkehopen til å skiljast.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.