1Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale,
4Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud.
Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
som er utvald og dyrverdig;
den som trur på han,
skal ikkje verta til skammar.
7Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein,
9Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. Det kristne livet i samfunnet
11Eg legg dykk på hjarta, mine kjære, de som no er framande og utlendingar, at de skal sky alle sanselege lyster, som strider mot sjela.
13For Herrens skuld skal de lyda all styremakt blant menneske, anten det er keisaren, den øvste,
18De tenestfolk skal underordna dykk herrane dykkar og ha age for dei, ikkje berre dei gode og milde, men dei urimelege òg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.