1Herren tala til Moses og sa:
2Sei til Aron og sønene hans og til alle israelittane: Dette har Herren sagt:
3Når ein mann av Israelsætta slaktar ein okse, ein sau eller ei geit anten i eller utanfor leiren,
4og ikkje leier dyret fram til møteteltdøra og ofrar Herren ei gåve framfor Herrens bustad, då skal det reknast for blodskuld. Den mannen har rent ut blod; han skal rydjast ut or folket sitt.
5Difor skal israelittane koma til Herren med slaktoffera sine som dei plar ofra ute på marka, og føra dei fram til møteteltdøra, til presten, og ofra dei som måltidsoffer til Herren.
6Presten skal skvetta blodet på Herrens altar, som står attmed møteteltdøra, og brenna feittet til godange for Herren.
7Dei skal ikkje lenger ofra slaktoffera sine til dei vonde åndene, som dei driv avgudsdyrking med. Dette skal vera ei evig lov for dei, frå ætt til ætt.
8Du skal seia til dei: Når ein israelitt eller ein av innflyttarane som bur i Israel, ber fram eit brennoffer eller slaktoffer
9og ikkje kjem til møteteltdøra med det og ofrar det til Herren, då skal mannen rydjast ut or ætta si.Forbod mot å eta blod
10Når ein israelitt eller ein av innflyttarane som bur i Israel, et blod, då vil eg venda meg mot den mannen og rydja han ut or folket hans.
15Har nokon, anten han er fødd i landet eller han er innflyttar, ete av eit dyr som er sjølvdaudt eller ihelrive, skal han vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds. Då vert han rein att. 11,40
16Dersom han ikkje vaskar kleda sine og laugar seg, fører han skuld over seg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.