1På den tid, lyder ordet frå Herren, skal dei ta beina av Juda-kongane og hovdingane deira og beina av prestane, profetane og folket i Jerusalem ut or gravene
2og strøya dei ut for sola, månen og heile himmelhæren, som dei elska, dyrka og heldt seg til, og som dei spurde til råds, bøygde seg for og tilbad. Ingen skal samla og gravleggja dei; til gjødsel på marka skal dei verta. Israel kjenner ikkje Herrens lov
4Du skal tala til dei: Så seier Herren:
Kven er det som dett og ikkje står opp,
går bort og ikkje kjem att?
5Kvifor skal folket her i Jerusalem
atter og atter falla ifrå?
Dei held fast på sitt svik
og vil ikkje venda om.
6Eg har lydt etter og høyrt.
Det er ikkje sant, det dei seier.
Det finst ingen som angrar sin vondskap og seier:
«Kva har eg gjort!»
Alle renner dei vilt av stad,
som ein hest stormar fram i strid.
7Jamvel storken under himmelen
kjenner sine faste tider;
og turteldua, svala og trasta
passar tida når dei skal koma.
Men folket mitt kjenner ikkje
den rett som Herren krev.
8Korleis kan de seia: «Vi er vise,
vi har Herrens lov hjå oss»?
Nei, sanneleg, til ei falsk lov
har skrivarane gjort henne
med sin lygngriffel.
9Dei vise skal stå der med skam,
dei skal gripast av redsle og fangast i snara.
Dei har vraka Herrens ord.
Kva hjelper då deira visdom?
10Difor gjev eg konene deira til andre,
markene deira til nye eigarar.
For alle saman, små og store,
søkjer urett vinning.
Profetar og prestar fer alle med svik.
11Lettvint lækjer dei skaden i mitt folk
når dei seier: «Fred, fred!»
– og så er det ingen fred.
12Dei skal verta til skammar,
for dei har gjort stygge ting.
Likevel skjemmest dei ikkje,
og blygsle veit dei ikkje av.
Difor skal dei falla som dei andre;
på den tid eg krev dei til rekneskap,
skal dei stupa, seier Herren.
13No vil eg hausta dei inn,
lyder ordet frå Herren.
Men det finst ikkje druer på vintreet
og ikkje fiken på fikentreet;
lauvet er visna.
Eg vil gje dei att
etter den frukt dei ber. Fienden kjem
14Kvifor sit vi i ro? Kom saman!
Lat oss heller fara inn i festningsbyane
og gå til grunne der!
For Herren vår Gud lèt oss gå til grunne,
han lèt oss drikka giftig vatn;
for vi har synda mot Herren.
15Vi vona på fred og lukke,
men det kjem ikkje noko godt;
vi venta ei tid med lækjedom,
men sjå, det er redsle som rår.
16Lyden av fiendens frøsande hestar
høyrest heilt til Dan.
Når hingstane kneggjar,
skjelv heile landet.
Dei kjem og et opp landet
og alt som i det er,
byen og dei som der bur.
17Ja, eg sender mot dykk ormar,
eiterormar som ingen kan mana bort.
Dei skal bita dykk,
lyder ordet frå Herren. Profeten lid med folket sitt
18Eg er tyngd av ulækjande sorg,
hjarta mitt er sjukt.
19Høyr naudropet frå folket mitt
rundt ikring i landet!
Er ikkje Herren på Sion,
er ikkje byens konge der?
Kvifor har dei harma meg
med gudebileta sine,
med framande gudar som ingenting er?
20Skurden er ende, sommaren slutt,
men vi er ikkje berga.
21Eg er nedbroten fordi folket mitt er knekt;
eg syrgjer, og gru har gripe meg.
22Finst det ikkje balsam i Gilead,
er det ingen lækjar der?
Kvifor gror då ikkje såret
som folket mitt har fått?
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.