Dommarane 14 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Samsons giftarmål

1Ein gong bar det så til at Samson gjekk ned til Timna; og der fekk han sjå ei filistarjente.

2Då han kom heim att, fortalde han det til far sin og mor si: «Eg såg ei filistarjente i Timna,» sa han. «Henne må de festa til kone åt meg.»

5Så gjekk Samson og foreldra hans ned til Timna. Då dei kom til vingardane utanfor byen, fór ei ung løve brølande imot han.

6Då kom Herrens Ande over han, og han tok løva og reiv henne sund med berre nevane som det skulle vore eit kje. Men han fortalde ikkje foreldra sine kva han hadde gjort.

13Men kan de ikkje løysa henne, skal de gje meg tretti fine skjorter og tretti festkledningar.» Dei svara: «Sei fram gåta di, så vi får høyra henne.»

14Då sa han:

«Av ein etar kom etande,

av den sterke kom søtt.»

Så gjekk det tre dagar, men dei hadde ikkje løyst gåta.

15Den fjerde dagen sa dei til brura: «No må du lokka mannen din til å seia oss løysinga på gåta. Elles brenner vi både deg og folket ditt. Det er vel ikkje for å arma oss ut at du har bede oss hit?»

16Då gjekk brura til Samson og gret og bar seg. «Du held ikkje av meg,» sa ho. «Du hatar meg visst. For du har gjeve landsmennene mine ei gåte, men du har ikkje sagt meg korleis ho skal løysast.» Han svara: «Eg har ikkje eingong sagt det til far min og mor mi, skulle eg så seia det til deg!»

17Men ho gret og bar seg for han alle dei sju dagane gjestebodet varte. Og den sjuande dagen sa han det til henne, av di ho plaga han så. Så løyste ho gåta for landsmennene sine.

18Og før sola gladde den sjuande dagen, kom mennene i byen og sa til han:

«Kva er søtare enn honning,

kva er sterkare enn løva?»

Samson svara:

«Hadde de ikkje pløgt med mi kvige,

hadde de ikkje løyst mi gåte.»

19Då kom Herrens Ande over han, og han gjekk ned til Asjkalon og slo i hel tretti mann. Så tok han kleda deira og lét dei som hadde løyst gåta, få dei til høgtidsklede. Og harm som han var, fór han heim att til far sin. 3,10+

20Men kona hans vart gjeven til den av bruresveinane som hadde vore brureførar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help