2. Kongebok 11 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Joasj vert konge i Juda

1Då Atalja, mor til Akasja, fekk vita at son hennar var død, sette ho seg føre å rydja ut heile kongsætta.

13Då Atalja høyrde korleis vaktmennene og folkehopen ropa, gjekk ho opp til folket i Herrens hus.

14Der fekk ho sjå kongen stå ved søyla, som skikken var, og hovdingane og hornblåsarane attmed han, medan alt folket jubla og bles i trompetar. Då reiv Atalja sund kleda sine og ropa: «Opprør, opprør!»

15Men presten Jojada sa til hovdingane over livvakta, dei som stod over hæren: «Lei henne ut mellom rekkjene! Og fylgjer nokon etter henne, så hogg han ned med sverd!» For presten hadde sagt: «Ho må ikkje drepast i Herrens hus!»

16Så greip dei Atalja. Ho laut gå gjennom Hesteporten inn i kongsgarden, og der vart ho drepen.

17Sidan gjorde Jojada ei pakt mellom Herren og kongen og folket: Dei skulle vera Herrens folk. Mellom kongen og folket gjorde han òg ei pakt.

18Så gjekk alt folket til Ba'al-templet og reiv det ned. Altara og gudebileta der slo dei i knas, og Ba'al-presten Mattan drap dei framfor altaret.

Presten sette ut vaktpostar ved Herrens hus. 10,26f; 2 Krøn 31,1

19Så tok han med seg hovdingane over livvakta, dei andre vaktmennene og alt folket. Dei førte kongen ned frå Herrens hus og fylgde han inn i kongsgarden gjennom vaktmannsporten. Der sette han seg på kongsstolen.

20Folket jubla, og det var ro i byen. Men Atalja hadde dei drepe med sverd i kongsgarden.

21Joasj var sju år gamal då han vart konge.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help