Malaki 2 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herrens dom over prestane

1Og no, prestar, kjem dette bodet til dykk:

2Vil de ikkje høyra

og ikkje leggja dykk dette på hjarta,

så de ærar mitt namn,

seier Herren, Allhærs Gud,

så sender eg forbanning mot dykk.

Eg gjer di velsigning om til forbanning,

ja, eg gjer henne til forbanning

fordi de ikkje tek dette til hjarta.

3Sjå, eg vil truga ætta dykkar.

Avfall av offerdyr etter høgtidene dykkar

kastar eg i andletet på dykk,

og med det skal de berast bort.

4Då skal de skjøna at det er eg

som har sendt dykk dette bodet,

så mi pakt med Levi kan stå ved lag,

seier Herren, Allhærs Gud.

5Mi pakt med han gav liv og fred,

og det gav eg han så han skulle ottast.

Han ottast meg og hadde age for mitt namn.

6Påliteleg rettleiing var i hans munn,

og det fanst ikkje svik på hans lipper.

Han ferdast med meg i fred og rettferd

og berga mange frå syndeskuld.

7For ein prests lipper tek vare på kunnskap,

frå hans munn skal folk be om rettleiing,

for han er sendebod frå Herren, Allhærs Gud.

8Men de har vike av frå vegen

og fått mange til å falla

med den rettleiing de har gjeve.

Levi-pakta har de brote,

seier Herren, Allhærs Gud.

9Difor har eg gjort dykk vanvørde

og små for heile folket,

for de aktar ikkje på mine vegar,

men gjer skil på folk

når de gjev rettleiing om min vilje. Herren vil ikkje vita av skilsmål

10Har vi ikkje alle same far,

den eine Gud som har skapt oss?

Kvifor er vi då trulause mot kvarandre

og vanhelgar våre fedrars pakt?

11Juda har bore seg trulaust åt,

stygge ting har dei gjort

i Israel og Jerusalem.

Ja, Juda har vanhelga

den heilagdomen Herren elskar,

og gift seg med ei kvinne

som dyrkar framande gudar.

12Gjev Herren må rydja ut or Jakobs telt

kvar ætling av den som gjer slikt,

jamvel om han ber fram offergåver

til Herren, Allhærs Gud.

13Og dette er det andre de gjer:

De dekkjer Herrens altar

med tårer, gråt og sukkar.

Men han vil ikkje lenger sjå på gåva

eller ta imot dykkar offer med glede.

14Og de spør: «Kvifor?»

Fordi Herren er vitne i saka

mellom deg og din ungdoms kone.

Du har vore utru mot henne,

endå ho er ektemaken din

som du er bunden til med pakt.

15Er det ikkje éin som har skapt henne

både med lekam og ånd?

Og kva vil så den eine ha?

Born som høyrer Gud til.

Så akta dykk vel i sjel og hug!

Ver ikkje utru mot din ungdoms kone!

16Eg vil ikkje vita av skilsmål,

seier Herren, Israels Gud,

og at nokon sveiper sin klednad med valdsferd,

seier Herren, Allhærs Gud.

Så akta dykk vel i sjel og hug

at de ikkje er trulause. Når Herren kjem

17De har trøytta Herren med orda dykkar.

De spør: «Kva er det vi har trøytta han med?»

De seier at alle som gjer vondt,

er gode i Herrens augo,

ja, at han har hugnad i dei.

Eller de spør:

«Kvar er Gud som dømer?»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help