1Då dronninga av Saba fekk høyra gjetordet om Salomo, det som gjekk om han for Herrens namn skuld, kom ho og ville prøva han med gåter.
18Kongen fekk òg laga ein stor kongsstol av elfenbein og kledde han med reint gull.
19Kongsstolen hadde seks troppesteg, og på baksida var det ein rund topp. På begge sider av setet var det stolarmar, og attmed stolarmane stod det to løver.
20På dei seks troppestega stod det tolv løver, seks på kvar side. Maken til kongsstol har aldri vore laga i noko anna kongerike.
21Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alle reiskapane i Libanon-skoghuset var av fint gull. Ingen ting var av sølv; sølvet vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar.
22For kongen hadde Tarsis-skip på havet saman med skipa åt Hiram. Ein gong tredjekvart år kom Tarsis-skipa heim, lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar.
23Kong Salomo var rikare og visare enn alle andre kongar på jorda.
24Frå alle verdsens kantar kom dei og ville sjå han og høyra den visdomen Gud hadde lagt ned i hjarta hans.
25Kvart år kom dei med gåver til han, ting av sølv og gull, kledebunader, våpen, krydder, hestar og muldyr.
26Salomo la seg til vogner og hestar. Han hadde fjorten hundre vogner og tolv tusen hestar. Av dei la han somme i vognbyane, og somme hadde han hjå seg sjølv i Jerusalem. 5 Mos 17,16
29Kvar vogn som vart innført frå Egypt, kosta seks hundre sekel sølv, og kvar hest hundre og femti sekel. Sameleis henta dei vogner og hestar til alle hetittkongane og aramearkongane.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.