1Josva Nunsson sende i løynd to speidarar ut frå Sjittim. Han sa til dei: «Ta av stad og sjå dykk om i landet, serleg i Jeriko!» Så fór dei i veg, og då dei kom fram, gjekk dei inn til ei skjøkje som heitte Rahab, og der fekk dei hus.
15Så firte ho dei ned frå vindauga med eit reip. For ho budde attmed bymuren, og huset hennar gjekk i eitt med muren. 1 Sam 19,12; Apg 9,25; 2 Kor 11,33
16Og ho sa til dei: «Gå opp i fjellet, så de ikkje møter dei som forfylgjer dykk. Hald dykk løynde der i tre dagar, til dei kjem att. Sidan kan de fara kvar de vil.»
17Då sa mennene til henne: «Gjer du ikkje som vi no seier, held vi oss for løyste frå den eiden du lét oss sverja.
18Når vi kjem inn i landet, skal du binda denne raude snora i vindauga som du firte oss ned frå, og så skal du samla foreldra og brørne dine og alt folket ditt her i huset hjå deg.
19Går då nokon ut gjennom husdøra di, er det hans eiga skuld om han vert drepen; vi er skuldlause. Men vert det lagt hand på nokon av dei som er inne hjå deg, skal vi svara for livet hans. 3 Mos 20,9; 2 Sam 1,16
20Og talar du til nokon om ærendet vårt, er vi løyste frå den eiden du tok av oss.»
21Ho svara: «Det skal vera som de seier.» Så bad ho farvel med dei, og dei fór av stad. Og ho batt den raude snora i vindauga.
22Mennene gjekk til dei kom opp i fjellet. Der heldt dei seg i tre dagar, til dei som hadde sett etter dei, var attkomne. Dei hadde leita heile vegen, men ingen funne.
23Så tok dei to mennene på heimvegen. Dei gjekk ned frå fjellet, sette over elva og kom til Josva Nunsson. Dei fortalde alt det som hadde hendt dei,
24og sa til Josva: «Herren har gjeve heile landet i våre hender, og alle som bur der, er så redde oss at dei skjelv.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.