1Medan israelittane heldt til i Sjittim, tok dei til å driva utukt med moabittkvinner,
2som bad folket til offerfest for gudane sine. Folket var med på måltida og kasta seg ned for gudane deira;
7Då Pinhas, som var son til presten Elasar og soneson til Aron, såg det, reiste han seg, steig fram or flokken og treiv eit spyd.
10Herren sa til Moses:
11«Pinhas, son til presten Elasar og soneson til Aron, har vendt harmen min bort frå israelittane, fordi han synte sin brennhug for meg mellom dei. Difor ville eg ikkje vera så streng at eg gjorde ende på dei.
12Av den grunn skal du seia: Eg gjer ei venskapspakt med han.
13Han og ætta hans etter han skal ha ein evig rett til å vera prestar, fordi han var brennhuga for Gud og gjorde soning for israelittane.»
14Namnet på den israelitten som vart drepen, han som vart stukken ned saman med midjanittkvinna, var Simri, son til Salu, ein av hovdingane i Simeons-ætta.
15Og den drepne midjanittkvinna heitte Kosbi; ho var dotter til Sur, som var hovding over ei av ættene i Midjan.
16Sidan sa Herren til Moses:
17«De skal gå til strid mot midjanittane og slå dei ned. 31,2
18For dei gjekk til strid og bruka list mot dykk, då det hende dette med Peor og med Kosbi, dotter til midjanitthovdingen, ho som vart drepen den gongen pesten herja etter hendinga med Peor.»
Ny folketeljing19Då pesten var over,
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.