1I dei dagar då domarane styrte, vart det ein gong uår og svolt i landet. Då fór ein mann i veg frå Betlehem i Juda med kona si og dei to sønene sine. Han ville bu i Moab ei tid.
3Ei tid etter døydde Elimelek, mannen til No'omi, og ho sat att med dei to sønene sine.
4Dei gifte seg med moabittkvinner; den eine heitte Orpa og den andre Rut. Og dei budde der om lag ti år.
5Så døydde dei òg, både Maklon og Kiljon, og No'omi sat att åleine etter at sønene og mannen var borte.
6Då tok ho ut frå Moab med sonekonene sine og fór heim att. For medan ho var i Moab, hadde ho høyrt at Herren hadde teke seg av folket sitt og gjeve det brød.
7Ho gav seg i veg frå den staden der ho hadde butt, og dei to sonekonene fylgde henne.
Då dei var komne eit stykke på vegen heim til Juda,
8sa No'omi til sonekonene sine: «Snu no og far heim att, kvar til si mor! Gjev Herren må vera trufast mot dykk, som de har vore mot dei døde og mot meg!
12Snu og far heim att, døtrene mine! Eg er for gamal til å gifta meg att. Og om eg tenkte: Eg har enno von, ja, om eg alt i natt fekk ein mann og så fødde søner,
13skulle så de venta til dei vart vaksne? Skulle de stengja dykk inne og leva utan menn? Nei, døtrene mine! Eg har inderleg vondt av dykk, no når Herrens hand har råma meg så hardt.»
14Då tok dei til å gråta att, og Orpa kyste vermor si til avskil. Men Rut ville ikkje skiljast frå henne.
15Då sa No'omi: «Du ser versyster di har fare heim att til folket sitt og guden sin. Snu du òg, og fylg henne!»
16Men Rut svara: «Du skal ikkje telja meg til å skilja lag med deg og fara heim att. For dit du går, vil eg gå, og der du bur, vil eg bu. Ditt folk er mitt folk, og din Gud er min Gud.
21Eg var rik då eg fór bort, men Herren har late meg koma fattig att. Kvifor kallar de meg No'omi, når Herren har vitna mot meg, når Den Allmektige har late det gå meg så ille?»
22Så kom då No'omi heim att, og sonekona, moabittkvinna Rut, var med henne då ho vende tilbake frå Moab. Dei kom til Betlehem då byggskurden tok til.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.