1Herren tala til Moses på Sinai-fjellet og sa:
2Sei til israelittane: Når de kjem inn i det landet eg vil gje dykk, skal landet ha ei sabbatskvild for Herren.
3Seks år skal du så til åkeren din, og seks år skal du skjera vintrea dine og samla inn grøda i landet.
18Fylg føresegnene mine og gjev akt på lovene mine, så de lever etter dei! Då skal de bu trygt i landet. 1 Kong 4,25
19Landet skal gje si grøde, så de kan eta dykk mette og bu trygt. 26,5; Jes 1,19
20Og dersom de spør: «Kva skal vi eta det sjuande året, når vi ikkje sår og ikkje samlar inn grøde?» –
21då skal de vita at eg vil senda mi velsigning over dykk det sjette året, så landet gjev grøde for tre år.
22Når de sår det åttande året, skal de enno eta av den gamle grøda. Heilt til grøda kjem det niande året, skal de ha gamalt korn å eta.
23Jorda må ikkje seljast for alltid. For landet er mitt, og de er framande og gjester hjå meg. 1 Mos 23,4; 1 Krøn 29,15; Sal 39,13
24Difor skal det i heile landet dykkar gjelda løysingsrett for jord.
25Når det går ut for bror din, og han må selja noko av odelsjorda si, skal næraste frenden, løysingsmannen hans, koma og løysa inn det som broren har selt. Rut 4,1ff
26Finst det nokon som ikkje har ein løysingsmann, men sjølv får så god råd at han kan greia løysingssummen,
27skal han rekna frå dei åra som har gått sidan han selde, og gje kjøparen betaling for den tida som er att. Då får han odelsjorda si tilbake.
28Men får han ikkje råd til å betala, skal jorda høyra kjøparen til heilt til frigjevingsåret. Då vert ho fri og går attende til den gamle eigaren.
29Når nokon sel eit stovehus i ein by som det er murar ikring, gjeld løysingsretten berre for ei tid; det fyrste året etter salet har han rett til å løysa inn huset.
30Men vert det ikkje innløyst før eit heilt år er til ende, skal huset, så sant det ligg i ein by med murar ikring, høyra kjøparen og etterkomarane hans til for godt. Det vert ikkje fritt i frigjevingsåret.
31Men husa i småbyar som det ikkje er murar ikring, skal reknast likt med jordene på landet. Dei kan løysast inn, og i frigjevingsåret vert dei frie.
32Gjeld det hus i dei byane som høyrer levittane til, varer løysingsretten for alle tider. 4 Mos 35,1–8
33Når nokon av levittane ikkje løyser inn det huset han har selt i ein by som dei eig, vert det fritt i frigjevingsåret. For husa i dei byane som høyrer levittane til, er deira eigedom mellom israelittane.
34Beitemarkene kring byane deira må ikkje seljast; dei er deira odel for alle tider.
35Når det går ut for bror din, og han ikkje kan greia seg lenger, skal du ta deg av han som du gjer med innflyttarar og framande, så han kan livberga seg hjå deg. 5 Mos 15,7f
36Du må ikkje ta rente av han eller krevja ein større sum tilbake; du skal ha age for din Gud, så bror din kan leva hjå deg. 2 Mos 22,25; 5 Mos 23,19f; Sal 15,5; Ordt 28,8
37Du skal ikkje låna han pengar mot rente eller selja han matvarer og krevja meir att.
38Eg er Herren dykkar Gud, som har ført dykk ut or Egypt og vil gje dykk Kanaan og vera dykkar Gud.
39Når bror din vert fattig og må selja seg til deg, skal du ikkje la han gjera trælearbeid. 2 Mos 21,2f; 5 Mos 15,12f
40Han skal ha det som ein leigekar eller framand hjå deg og vera tenaren din til frigjevingsåret.
41Då kan han flytta frå deg, både han og borna hans, og fara heim att til ætt og fedregard.
42For dei er mine tenarar, som eg har ført ut or Egypt; dei må ikkje seljast som ein sel trælar.
43Du må ikkje vera hard med han; du skal ha age for din Gud. Ef 6,9
44Vil du få deg trælar eller trælkvinner, skal de kjøpa dei av dei folka som bur rundt ikring dykk.
45Like eins kan de kjøpa trælar av dei framande som held til hjå dykk, og av etterkomarane deira som bur hjå dykk og er fødde i landet dykkar. Dei kan de eiga,
46og de kan la dei gå i arv til borna dykkar, så dei kan eiga dei. De kan bruka dei til trælar så lenge de vil. Men over brørne dine, israelittane, skal du ikkje gjera deg til herre. Bror skal ikkje vera hard med bror.
47Når ein innflyttar eller framand hjå deg kjem til velstand, medan bror din som bur nær han, vert så fattig at han må selja seg til innflyttaren eller den framande som held til hjå deg, eller til ein som er runnen av framand rot,
48då skal han kunna løysast ut etter at han har selt seg. Ein av brørne hans må då løysa han ut,
49eller farbroren eller eit syskenbarn eller ein annan av dei næraste slektningane i ætta. Får han råd, kan han gjera det sjølv.
50Då skal han saman med den som har kjøpt han, rekna ut tida frå det året han selde seg og til frigjevingsåret, og kjøpesummen skal delast på åretalet. Det skal vera som han hadde vore leigekar hjå han.
51Er det enno mange år att, skal han betala tilbake ein tilsvarande del av summen og såleis kjøpa seg fri.
52Og er det få år att til frigjevingsåret, skal han rekna etter og betala ein løysingssum som svarar til desse åra.
53Han skal vera som ein leigekar som arbeider hjå han år for år. Du må ikkje tola at han driv han for hardt.
54Men vert han ikkje lauskjøpt på denne måten, så vert han fri i frigjevingsåret, både han og borna hans.
55For det er meg israelittane tener. Dei er mine tenarar, som eg har ført ut or Egypt. Eg er Herren dykkar Gud.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.