Ordtaka 21 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Den rettvise er fast og stø i si åtferd

1Som rennande bekker

er kongens hjarta i Herrens hand;

han leier det dit han vil.

2Ein mann kan synast at all hans ferd er rett,

men Herren prøver menneskehjarto.

3At folk gjer rett og skil,

er meir verdt for Herren enn offer.

4Stolte augo og hovmodig hjarta,

ljoset åt dei gudlause, er synd.

5Det den annsame tek seg føre, gjev vinning,

men hastverk fører berre til tap.

6Den rikdom ein vinn med lygn,

er ein kvervande pust,

og han fører til døden.

7Dei vonde vert bortrivne av si eiga valdsferd,

for dei vil ikkje gjera det som er rett.

8Skuldtyngd mann går krokete vegar,

men den reine fer ærleg fram.

9Betre å bu i ein krok på taket

enn å vera i hus med trettekjær kvinne.

10Den gudlause har hug til det vonde,

hans neste finn ingen velvilje hjå han.

11Når ein spottar må bøta, vert den urøynde klok,

og lærer du ein vis, tek han kunnskapen til seg.

12Den rettferdige aktar på gudløysings hus,

han støyter dei vonde ut i ulukke.

13Den som stengjer sitt øyra når armingen skrik,

skal sjølv måtta ropa og ikkje få svar.

14Ei gåve i løyndom mildnar vreide,

det ein får i fanget, stiller stor harme.

15For den rettferdige er det ei glede

å gjera det rette,

men for ugjerningsmannen er det ei gru.

16Den som villar seg bort frå klokskaps veg,

han hamnar mellom daudingar.

17Den som likar moro, må sakna mangt,

den som elskar vin og olje, vert aldri rik.

18Den gudlause vert gjeven

til løysepengar for den rettferdige,

og svikaren kjem i staden for den ærlege.

19Betre å bu i eit øyde land

enn hjå arg og trettekjær kvinne.

20Der dei vise bur, er det dyre skattar og olje,

men dåren øyder det opp.

21Den som jagar etter rett og truskap,

finn liv og rettferd og ære.

22Ein klok mann kan storma ein by full av kjemper

og bryta det vernet dei sette si lit til.

23Den som aktar sin munn og si tunge,

bergar sitt liv frå naud og trengsle.

24Den stolte og kaute kallar dei spottar;

han er skamlaus og frekk i si framferd.

25Det den late ynskjer, fører til døden,

for han vil ikkje arbeida med sine hender.

26Heile dagen går han med lyst og trå,

den rettvise gjev og er ikkje knuslet.

27Ein styggedom er det når dei gudlause ofrar,

serleg når dei gjer det med vondt i tankar.

28Det falske vitnet fell igjennom,

men det truverdige vitnet vert alltid høyrt.

29Den gudlause går der med frekk mine,

den ærlege er fast og stø i si ferd.

30Det finst ikkje visdom og skjøn

og ingen plan som hjelper mot Herren.

31Hesten vert budd til stridens dag,

men det er Herren som gjev siger.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help