Mika 7 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Klage og von

1Ve meg! Det har gått meg så

som når ein haustar inn frukt

og driv med ettersanking av druer:

Det finst ikkje ei drue å eta,

ikkje ein fiken eg har hug på.

2Det finst ingen from meir i landet,

ingen rettvis mellom folk.

Alle ligg dei på lur etter blod,

kvar ein vil fanga sin neste i garnet.

3Dei er glupe til å gjera vondt.

Hovdingane kjem med krav,

og domarane vil ha betaling.

Stormannen set fram sine ynske,

og så snur dei saka som dei vil.

4Den beste av dei er som ein klunger,

den ærlegaste verre enn ein klungerhekk.

Det kjem ein dag for dine vektarar

når du skal krevjast til rekneskap.

Då vert dei redde og rådlause.

5Tru ikkje på frenden din,

set ikkje lit til venen din!

Vakta munnen for henne du tek i famn!

6For ein son vanvørder far sin,

ei dotter set seg opp mot mor si,

ei sonekone mot vermor si.

Og ein manns husfolk er hans fiendar.

7Men eg vil speida etter Herren,

venta på Gud som frelser meg.

Min Gud vil høyra meg! Ljos i mørkret

8Gled deg ikkje over meg, min fiende,

for om eg fell, reiser eg meg att.

Og sit eg i mørker, er Herren mitt ljos.

9Herrens vreide må eg bera

fordi eg har synda mot han,

til dess han tek opp mi sak

og syter for at eg får rett.

Han skal føra meg ut i ljoset,

og eg skal sjå hans rettferd.

10Mine fiendar skal sjå det

og raudna av skam,

dei som sa til meg:

«Kvar er Herren din Gud?»

Eg skal fylgja dei med augo

når dei vert nedtrakka som avfall i gata.

11Ein dag skal dei byggja dine murar

og gjera dine grenser vide.

12Den dagen skal dei koma til deg

frå Assur og Egyptarland,

frå Egypt til Eufrat,

frå hav til hav og frå fjell til fjell.

13Då skal jorda verta ei audn

på grunn av dei som bur der,

og det som dei har gjort. Bøn om Israels atterreising

14Vakta folket ditt med staven din,

den flokken som er din eigedom,

som ligg åleine i skogen

med grøderike marker ikring.

Lat dei få beita i Basan og Gilead,

som dei gjorde i gamle dagar.

15Lat oss få sjå storverk

som då du drog ut or Egypt.

16Folka skal sjå det og skjemmast,

endå så mektige dei er.

Dei må leggja handa på munnen

og stå med døve øyro.

17Lat dei slikka støv som ormen,

lik dyr som kryp på jorda.

Skjelvande skal dei koma frå sine gøymsler

fram for Herren vår Gud.

Lat dei gripast av redsle og ottast deg! Kven er ein Gud som du?

18Kven er ein Gud som du,

som tek bort skuld og tilgjev brot

for resten av sitt eige folk?

Han held ikkje evig fast på vreiden,

for han har hug til miskunn.

19Herren skal atter miskunna oss

og trø våre misgjerningar under fot.

Du skal kasta alle våre synder

ned i havsens djup.

20Så vis då truskap mot Jakob

og miskunn mot Abraham,

så som du høgtideleg lova

våre fedrar i gamle dagar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help