1Ein dag sa Samuel til Saul: «Det var meg Herren sende for å salva deg til konge over folket hans, over Israel. Lyd no Herrens ord!
2Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg vil straffa amalekittane for det dei gjorde mot Israel, at dei la hindringar i vegen for israelittane då dei drog opp frå Egypt.
5Då Saul kom til byen åt amalekittane, la han folk i bakhald nede i dalen.
6Og til kenittane sa han: «Skil lag med amalekittane og dra bort, så eg ikkje gjer ende på dykk saman med dei. For de gjorde vel mot israelittane då dei drog opp frå Egypt.» Då skilde kenittane lag med amalekittane.
7Saul slo amalekittane og forfylgde dei frå Havila til bortimot Sjur, som ligg austanfor Egypt.
8Han fanga amalekittkongen Agag levande. Og alt folket bannstøytte han og hogg dei ned med sverd.
9Men Saul og mennene hans sparte Agag og det beste av småfeet og storfeet, gjøfeet og lamma. Dei sparte alt som var noko verdt, og ville ikkje bannstøyta det. Men alt fe som var ringt og verdilaust, det bannstøytte dei.
10Då kom Herrens ord til Samuel, og det lydde så:
11«Eg angrar at eg gjorde Saul til konge; for han har vendt seg bort frå meg og ikkje halde seg etter mitt ord.» Då vart Samuel harm og ropa til Herren heile natta.
13Då Samuel kom til Saul, sa Saul til han: «Velsigna vere du av Herren! Eg har halde meg etter Herrens ord.»
14Men Samuel sa: «Kva er det då for bræking som læt for øyro mine, og kva er det for rauting eg høyrer?»
15Saul svara: «Det er nokre krøter dei har teke frå amalekittane og drive hit. Folket sparte det beste av småfeet og storfeet, av di dei ville ofra det til Herren din Gud; men resten har vi bannstøytt.»
16Då sa Samuel til Saul: «Hald opp, så skal eg kunngjera deg kva Herren tala til meg i natt.» «Tal!» svara Saul.
17Samuel sa: «Endå du har så små tankar om deg sjølv, er du likevel hovding over Israels-ættene! Herren har salva deg til konge over Israel.
23Trass er jamgodt med spådoms-synd,
og stridlynde er som avgudsdyrking.
Fordi du har vraka Herrens ord,
har han vraka deg som konge.»
24Då sa Saul til Samuel: «Eg har synda; for eg har gjort imot Herrens ord og dine påbod. Eg var redd folket og gav etter for dei.
25Kjære, tilgjev no synda mi, og ver med meg attende, så eg kan tilbe Herren.»
26Men Samuel svara: «Eg vil ikkje vera med deg attende. For du har vraka Herrens ord, og Herren har vraka deg; du skal ikkje lenger vera konge over Israel.»
27Dermed snudde han seg og ville gå. Men Saul treiv i snippen på kappa hans, så ho rivna.
28Då sa Samuel til han: «I dag har Herren rive kongedømet over Israel frå deg og gjeve det til ein annan, ein som er betre enn du. 28,17; 1 Kong 11,11
29Han som er Israels ære, lyg ikkje og angrar ikkje. For han er ikkje eit menneske, så han skulle angra.» 4 Mos 23,19
30Saul svara: «Eg har synda. Men vis meg likevel den ære framfor dei eldste i folket mitt og heile Israel at du er med meg attende! Så vil eg tilbe Herren din Gud.»
31Då gjekk Samuel med han attende, og Saul tilbad Herren.
32Sidan sa Samuel: «Før Agag, amalekittkongen, hit til meg!» Skjelvande steig Agag fram for han og sa: «Sanneleg, beisk er døden!»
33Men Samuel svara:
«Som sverdet ditt har gjort kvinner barnlause,
skal mor di verta barnlaus, framom andre kvinner.»
Så hogg Samuel Agag ned for Herrens åsyn i Gilgal.
34Med så gjort gav han seg på veg til Rama, og Saul fór heim att til Sauls Gibea.
35Sidan ville ikkje Samuel sjå Saul meir så lenge han levde; for han syrgde over Saul.
Men Herren angra at han hadde gjort Saul til konge over Israel.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.