1. Samuelsbok 17 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

David og Goliat

1Då det leid av ei tid, samla filistarane hærane sine til strid. Dei kom saman ved Soko i Juda og slo leir attmed Efes-Dammim, mellom Soko og Aseka.

2Saul og israelittane samla seg òg. Dei slo leir i Terebintedalen og fylka seg til strid mot filistarane.

3Filistarane stod i den eine fjellskråninga og israelittane i den andre, så dalen var mellom dei.

4Best det var, kom det fram ei holmgangskjempe frå filistarfylkinga. Mannen heitte Goliat og var frå Gat. Han var over ni fot høg.

5På hovudet hadde han ein bronsehjelm, og han var kledd i ei skjelbrynje av bronse, som vog fem tusen sekel.

6På leggene hadde han bronsespjelkar, og på ryggen bar han eit kastespyd av bronse.

7Spydskaftet var tjukt som ein vevbom, og spydodden var av jern og vog seks hundre sekel. Skjoldberaren gjekk føre han.

48Då no filistaren fór opp og kom bort imot David, sprang David brått fram frå fylkinga, mot filistaren.

49Han stakk handa ned i taska og tok opp ein stein, kasta han med slyngja og råka filistaren i panna. Steinen gjekk djupt inn i panna hans, og han stupte med andletet mot jorda.

50Såleis vann David over filistaren med slyngje og stein. Han felte filistaren og slo han i hel, endå han ikkje hadde noko sverd i handa.

51Med så gjort sprang David bort til filistaren, tok sverdet hans, drog det ut or slira og drap han. Så hogg han hovudet av han.

Med det same filistarane såg at kjempa deira var død, rømde dei.

52Men israelittane og judearane storma fram med høge krigsrop og forfylgde dei til bort imot Gat og heilt til portane i Ekron. Det låg falne filistarar langs vegen frå Sja'arajim heilt til Gat og Ekron.

53Så forfylgde ikkje israelittane filistarane lenger, men drog attende og plyndra leiren deira.

54David tok hovudet åt filistaren og hadde det med seg til Jerusalem, men våpna hans la han i teltet sitt.

55Då Saul såg David gå fram mot filistaren, sa han til Abner, hærføraren sin: «Kven sin son er den guten, Abner?» Abner svara: «Så sant du lever, konge, det veit eg ikkje.»

56Kongen sa: «Finn ut kven sin son den ungguten er!»

57Då David kom att og hadde felt filistaren, tok Abner og førte han fram for Saul, medan han endå heldt hovudet åt filistaren i handa.

58Og Saul spurde: «Kven sin son er du, gut?» David svara: «Eg er son til Isai, tenaren din, i Betlehem.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help