2. Kongebok 25 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Då drog Nebukadnesar med heile hæren sin mot Jerusalem. Det var i det niande styringsåret åt Sidkia, den tiande dagen i den tiande månaden. Dei slo leir utfor byen og kasta opp ein voll rundt han.

3Den niande dagen i den fjerde månaden, då hungersnauda var som verst, og folket ikkje hadde meir mat,

4braut fienden inn i byen. Om natta rømde alle stridsmennene gjennom porten mellom dei to murane, attmed kongshagen, endå kaldearane låg rundt ikring byen. Og kongen tok vegen mot Jordan-dalen.

5Men kaldearhæren sette etter kongen og nådde han att på moane ved Jeriko. Då hadde heile hæren rømt frå han og var spreidd.

6Kaldearane greip kongen og førte han opp til Ribla, til babylonarkongen, som felte domen over han.

8Den sjuande dagen i den femte månaden – det var i det nittande styringsåret til Nebukadnesar – kom ein av mennene åt babylonarkongen til Jerusalem. Han heitte Nebusaradan og var hovding over livvakta.

9Nebusaradan sette eld på Herrens hus og kongsgarden. Og alle dei andre husa i Jerusalem brende han, jamvel dei som høyrde stormennene til.

18Hovdingen over livvakta tok med seg overpresten Seraja, andrepresten Sefanja og dei tre dørvaktarane.

19Frå byen tok han med seg ein hoffmann, som hadde tilsyn med stridsmennene, fem av kongens fremste tenestemenn, som endå var i byen, dessutan skrivaren åt hærføraren, han som skreiv ut folk i landet til krigsteneste, og seksti mann av det vanlege folket som fanst i byen.

20Alle desse tok Nebusaradan, hovdingen over livvakta, med seg. Han førte dei til babylonarkongen i Ribla.

21Og han slo dei i hel der, i Ribla i Hamat-landet. Såleis vart folket i Juda bortført frå landet sitt.

Gedalja, styresmannen i Juda

22Nebukadnesar, kongen i Babylonia, sette Gedalja, son til Ahikam Sjafansson, til å styra det folket som var att i Juda, dei som han hadde late vera att. Jer 40,5

23Då alle hærførarane og mennene deira fekk høyra at kongen hadde sett Gedalja til styresmann, kom dei til han i Mispa: Ismael, son til Netanja, Johanan, son til Kareah, Seraja, son til Tanhumet frå Netofa, og Ja'asanja, son til ein mann frå Ma'aka. Alle kom dei med mennene sine. Jer 40,7–41,18

24Gedalja gjorde eid til dei og mennene deira og sa: «Ver ikkje redde kaldearane! Ver her i landet og ten babylonarkongen, så skal det gå dykk vel.»

25Men i den sjuande månaden kom Ismael, son til Netanja Elisjamason, som høyrde kongsætta til, og han hadde med seg ti mann. Dei drap Gedalja og dei judearane og kaldearane som var hjå han i Mispa.

26Då tok alt folket ut, både små og store, og hærførarane med dei. Dei fór til Egypt; for dei var redde kaldearane.

Babylonarkongen tek kong Jojakin til nåde

27I det trettisjuande året etter at Jojakin, Juda-kongen, var bortført, den tjuesjuande dagen i den tolvte månaden, hende det at Evilmerodak, kongen i Babylonia – same året som han vart konge – tok kong Jojakin til nåde og henta han ut or fengslet. Jer 52,31ff

28Han tala venleg med han og lét han få sitja høgare oppe enn dei andre kongane som var hjå han i Babylon.

29Jojakin fekk leggja av fangebunaden, og sidan gjekk han støtt til kongens bord, så lenge han levde. 2 Sam 9,7; 1 Kong 2,7

30Det han trong til livsopphald, fekk han jamleg frå kongen, dag for dag så lenge han levde.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help