1Så seier Herren:
Hald lov og rett,
og gjer det som rett er!
For mi frelse er nær, ho kjem,
og mi rettferd skal syna seg.
2Sæl er den som gjer det eg vil,
kvart menneske som held fast ved det,
så han held sabbaten
og ikkje vanhelgar han,
og vaktar si hand,
så han ikkje gjer vondt.
3Den framande som har slutta seg til Herren,
må ikkje seia:
«Herren vil skilja meg ut frå sitt folk.»
Og den som er gjeld, må ikkje seia:
«Eg er berre eit turt tre.»
4For så seier Herren:
Dei gjeldingar som held mine sabbatar,
som vel å gjera det eg vil,
og held fast ved mi pakt,
5dei gjev eg minnesmerke og namn
i mitt hus og innan mine murar.
Eg gjev dei det som betre er
enn søner og døtrer: eit evig namn,
som aldri skal rydjast ut.
6Og dei framande som har slutta seg til Herren,
som vil tena Herren og elska hans namn
og vera hans tenarar,
alle som held sabbaten
og ikkje vanhelgar han,
men held fast ved mi pakt,
7dei fører eg til mitt heilage fjell
og lèt dei gleda seg i mitt bønehus.
Deira brennoffer og slaktoffer
skal vera til hugnad på mitt altar.
For mitt hus skal kallast
eit bønehus for alle folk.
8Ja, så lyder ordet frå Herren vår Gud,
som samlar dei bortdrivne av Israel:
Endå fleire vil eg samla
enn dei som alt er komne. Israels leiarar er blinde
9Kom, alle dyr i marka,
kom og et, alle dyr i skogen!
10Israels vaktmenn er alle blinde,
dei merkar ingen ting.
Alle er dei mållause hundar,
som ikkje kan gøy.
Dei ligg og drøymer
og likar å sova.
11Men grådige hundar er dei,
aldri vert dei mette.
Og slike folk skal vera hyrdingar,
dei som ikkje veit å passa på!
Dei vender seg alle sin eigen veg,
kvar til si eiga vinning.
12«Kom, eg skal henta vin,
så vi kan drikka oss fulle!
Og morgondagen skal verta som denne,
ein stor og herleg dag.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.