2. Krønikebok 31 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Korleis prestane og levittane skal gjera tenesta si

1Då dei var ferdige med alt dette, drog alle dei israelittane som var der, av stad til byane i Juda. Dei knasa steinstøttene, hogg sund Asjera-pålane og reiv ned offerhaugane og altara både i heile Juda og i Benjamin, Efraim og Manasse, til det ingenting var att av dei. Så fór alle israelittane heim att til byane sine, kvar til sin eigedom.

2Sidan skipa Hiskia preste- og levittskifta som det hadde vore før. Kvar prest og levitt fekk si serskilde oppgåve med å bera fram brennoffer og måltidsoffer, halda gudsteneste og syngja Herrens lov og pris ved portane til leiren hans.

3Kongen gav ein del av det han åtte, til brennoffera som skulle berast fram morgon og kveld, på sabbatsdagane, nymånedagane og høgtidene, så som skrive står i Herrens lov. 4 Mos 28,3ff

4Han baud òg folket som budde i Jerusalem, å gje prestane og levittane det dei skulle ha, så dei kunne halda fast ved Herrens lov.

5Då dette påbodet vart kjent, kom israelittane med fyrstegrøde i stor mengd, av korn og druesaft, olje og honning og alt det dei elles dyrka på marka. Dei bar fram rikeleg med tiend av alt. 2 Mos 23,19+

6Dei israelittane og judearane som budde i Juda-byane, gav òg tiend av storfe og småfe og kom med heilage gåver som var vigde til Herren deira Gud. Dei bar dei fram og la dei i haug etter haug.

7I den tredje månaden tok dei til å leggja opp haugane, og i den sjuande var dei ferdige.

8Då Hiskia og stormennene kom og fekk sjå haugane, prisa dei både Herren og Israel, folket hans.

9Og då Hiskia spurde prestane og levittane om desse haugane,

10svara Asarja, øvstepresten, som høyrde Sadok-ætta til: «Sidan dei tok til å koma med gåver til Herrens hus, har vi ete oss mette og endå hatt rikeleg til overs. Herren har velsigna folket sitt. Difor har vi alt dette att.»

11Så sa Hiskia at dei skulle laga opplagsrom i Herrens hus. Og då det var gjort,

12kom folket ærleg og greitt med avgifter, tiend og heilage gåver og la dei der. Den som hadde tilsyn med dette, var levitten Konanja og nest etter han Sjimi, bror hans.

13Men under Konanja og Sjimi, bror hans, stod andre tilsynsmenn: Jehiel, Asasja, Nahat, Asael, Jerimot, Josabad, Eliel, Jismakja, Mahat og Benaja. Det var kong Hiskia og Asarja, forstandaren i Guds hus, som hadde sett dei til det.

14Levitten Kore, son til Jimna, som heldt vakt ved austporten, hadde tilsyn med dei friviljuge gåvene til Gud. Han skulle dela ut offergåvene som Herren fekk, og dei høgheilage gåvene.

15Under han stod Eden, Minjamin, Jesjua, Sjemaja, Amarja og Sjekanja. Dei skulle vera tillitsmenn i prestebyane og dela ut gåvene til brørne sine, både store og små, i skift for skift,

16til alle menn og gutar som var tre år eller meir, anten dei var oppskrivne i ættelistene eller ikkje, alle som dag etter dag kom til Herrens hus og gjorde det arbeidet dei hadde plikt til, kvar i sitt skift.

17Prestane var oppskrivne i listene etter ættgreinene sine, og levittane som var tjue år eller meir, etter dei pliktene dei hadde i skifta sine.

18Alle var oppskrivne med heile huslyden sin, med koner, søner og døtrer. For med truskap skulle dei via seg til det heilage.

19For dei av Arons-sønene, prestane, som budde på markene kring byane sine, var det i kvar by oppnemnt nokre menn som skulle dela ut det som fall på alle menn og gutar av presteætt, og på alle som var oppskrivne i levittlistene.

20Såleis gjekk Hiskia fram i heile Juda. Og han gjorde det som Herren hans Gud heldt for godt og rett og sant.

21I alt han tok seg føre, anten det galdt tenesta i Guds hus, eller det galdt lova og boda, la han vinn på å tena sin Gud av heile sitt hjarta, og det lukkast for han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help