1Domsord mot Moab.
Å, på ei natt vart Ar-Moab herja
og gjekk til grunne.
Ja, på ei natt vart Kir-Moab herja
og gjekk til grunne.
2Folket i Dibon går opp til templet,
til offerhaugane og vil gråta.
Moabittane held klage
fordi Nebo og Medeba er tapte.
Kvart hovud er snauklypt,
alt skjegg er avraka.
3I gatene går dei med syrgjeplagg,
på tak og torg jamrar dei alle,
medan tårene renn.
4Folket i Hesjbon og El'ale klagar,
heilt til Jahas høyrest deira rop.
Difor jamrar Moabs krigsmenn,
dei skjelv og misser motet.
5Mitt hjarta klagar over Moab.
Dei som rømer der, kjem til Soar
og til Eglat-Sjelisjia.
Ja, oppetter bakken til Luhit
går folk og græt.
På vegen til Horonajim
klagar dei høgt over samanbrotet.
6For Nimrim-vatnet vert ei øydemark;
gras og groe turkar bort,
det er ikkje meir noko grønt.
7Difor tek dei det som er att
av det dei har samla,
og fører det over Seljebekken.
8Ja, klageropet lyder
rundt om i Moab-landet;
jammerskriket når til Eglajim
og til Be'er-Elim.
9For i Dimon er vatnet fullt av blod.
Men endå meir ulukke sender eg mot Dimon:
løver mot dei som slapp unna frå Moab,
og mot dei som er att i landet.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.