1Moses kalla saman heile Israel og sa til dei: Høyr, Israel, dei føresegner og bod som eg kunngjer dykk i dag. Lær dei og legg vinn på å leva etter dei!
2Herren vår Gud gjorde pakt med oss ved Horeb.
6Eg er Herren din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset.
7Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg.
8Du skal ikkje laga deg noko gudebilete, ikkje noko slag bilete av det som er oppi himmelen eller nedpå jorda eller i vatnet under jorda.
11Du skal ikkje misbruka namnet åt Herren din Gud; for Herren held ikkje den uskuldig som misbrukar namnet hans.
12Du skal akta på kviledagen og halda han heilag, så som Herren din Gud har bode deg!
13Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning.
14Men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di eller tenaren din eller tenestkvinna di eller oksen eller eselet eller noko anna av dyra dine, eller innflyttaren i byane dine. Tenaren og tenestkvinna skal få kvila, dei som du.
15Kom i hug at du sjølv var træl i Egypt då Herren din Gud førte deg ut derifrå med sterk hand og strak arm. Difor har Herren din Gud sagt deg at du skal halda sabbatsdagen.
16Æra far din og mor di, som Herren din Gud har bode deg; då skal du få leva lenge, og det skal gå deg vel i det landet Herren din Gud gjev deg.
17Du skal ikkje slå i hel.
18Du skal ikkje bryta ekteskapet.
19Du skal ikkje stela.
20Du skal ikkje vitna falskt mot nesten din.
21Du skal ikkje trå etter kona åt nesten din. Du skal ikkje trå etter huset åt nesten din eller jorda hans, tenaren eller tenestkvinna hans, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.
22Desse orda tala Herren oppe på fjellet med høg røyst til dykk, heile Israels-lyden, midt ut or elden, skya og mørkret. Meir sa han ikkje. Men han skreiv boda på to steintavler, som han gav meg.Moses, mellommannen mellom Gud og folket
23Då de høyrde røysta ut or mørkret, medan fjellet stod i ljos loge, kom de til meg, alle ættehovdingane og dei eldste mellom dykk,
28Då Herren høyrde dei orda de tala til meg, sa han til meg: «Eg høyrde kva dette folket sa til deg. Det er rett alt det dei seier.
29Gjev dei alle sine dagar må ha det same huglaget, så dei ottast meg og held alle boda mine. Då skal det alltid gå dei og borna deira vel.
30Gå bort og sei til dei: Far heim att til telta dykkar!
31Men du skal vera att her hjå meg. Eg vil kunngjera deg alle dei bod, føresegner og domar som du skal læra dei, så dei kan leva etter dei i det landet eg gjev dei til eige.»
32Så legg då vinn på å gjera det som Herren dykkar Gud har sagt dykk. Og vik ikkje av, korkje til høgre eller venstre!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.