1Til korleiaren. Av David.
Til Herren flyr eg.
Korleis kan de seia til meg:
«Fly til fjells som ein fugl!
2For sjå, dei vonde spenner bogen
og legg si pil på strengen;
i mørkret vil dei skyta
på dei som er ærlege av hjarta.
3Når grunnvollen vert riven bort,
kva kan då den rettferdige gjera?»
4Herren er i sitt heilage tempel,
i himmelen har han sin kongsstol.
Hans augo skodar utover,
han prøver menneska med sitt blikk.
5Herren ransakar rettferdige og gudlause,
han hatar dei som elskar vald.
6Over dei vonde lèt han det regna
gloande kol og svovel,
gloheit vind er den luten dei får.
7Rettferdig er Herren, han elskar rettferd;
dei ærlege får sjå hans åsyn.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.