1Sidan sa kong David til alle som hadde samla seg der: «Salomo, son min, den einaste som Gud har valt ut, er ung og veik, og arbeidet er stort. For dette staselege byggverket skal ikkje vera for menneske, men for Herren Gud.
6Då kom dei viljug med gåver, både hovdingane for ættgreinene og Israels ættehovdingar, tusenmannsførarane og hundremannsførarane og dei som hadde tilsyn med det arbeidet som vart gjort for kongen.
7Fem tusen talentar og ti tusen dareikar gull, ti tusen talentar sølv, atten tusen talentar bronse og hundre tusen talentar jern gav dei til arbeidet på Guds hus.
8Og dei som åtte dyre steinar, gav dei til skatten i Herrens hus, som Jehiel av Gersjon-ætta hadde tilsyn med.
9Folket gledde seg over at alle gav så viljug. For med heil hug og av fri vilje kom dei til Herren med gåvene sine. Kong David òg var storglad for det.
10Og David lova Herren framfor alle som var samla, og sa: «Lova vere du, Herre, du Gud åt Israel, far vår, frå æve til æve!
11Deg, Herre, høyrer stordomen til og makta, æra, høgda og herlegdomen, ja, alt som er i himmelen og på jorda. Ditt er riket, Herre, og du er opphøgd over alt og har alt i di makt.
26David, son til Isai, hadde vore konge over heile Israel.
27Han rådde over Israel i førti år. Sju år styrte han i Hebron og trettitre år i Jerusalem. 1 Kong 2,11
28Han døydde i høg alder og hadde nått sitt mål både i alder, rikdom og ære. Og Salomo, son hans, vart konge etter han.
29Det som er å fortelja om kong David, frå fyrst til sist, det står skrive i årboka åt sjåaren Samuel, i årboka åt profeten Natan og i årboka åt sjåaren Gad.
30Der er det òg fortalt om heile hans styre og alle hans storverk og om det som i hans tid kom over han og Israel og alle andre land og rike.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.