1Då Lammet braut det sjuande seglet, vart det stilt i himmelen om lag ein halv time.Dei sju basunane(8,2–11,19)Røykjelse og eld
2Og eg såg dei sju englane som står for Guds åsyn, og det vart gjeve dei sju basunar.
6Dei sju englane med dei sju basunane budde seg no til å blåsa.
Dei fire fyrste basunane7Den fyrste engelen bles i basun. Då kom det hagl og eld, blanda med blod, og det vart kasta ned på jorda. Tredjeparten av jorda gjekk opp i logar, og tredjeparten av trea brann opp saman med alt det grøne graset.
8Den andre engelen bles i basun. Då vart noko som likna eit stort, brennande fjell kasta i havet. Tredjeparten av havet vart til blod,
12Den fjerde engelen bles i basun. Då vart tredjeparten av sola og av månen og av stjernene råka, så tredjeparten av dei vart mørk; dagen miste tredjeparten av ljoset sitt, og natta like eins.
13Då såg eg ei ørn, som flaug høgt oppe under himmelkvelven, og eg høyrde henne ropa med høg røyst: «Ve, ve, ve over dei som bur på jorda, når dei tre siste englane lèt basunane sine lyda.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.