2. Kongebok 18 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Kong Hiskia i Juda

1I det tredje året Hosea, son til Ela, var konge i Israel, vart Hiskia, son til Akas, konge i Juda.

5Hiskia sette si lit til Herren, Israels Gud. Det har ikkje vore hans like mellom alle Juda-kongane som kom etter han, og heller ikkje mellom dei som var før han.

6Han heldt seg nær til Herren og veik aldri frå han; han heldt dei boda som Herren hadde gjeve Moses.

12Så gjekk det fordi dei ikkje ville høyra på Herren sin Gud, men braut hans pakt og alle dei bod som Moses, Herrens tenar, hadde gjeve dei. Dei ville korkje høyra eller gjera det han baud dei.

Sankeribs hærferd mot Juda

13I det fjortande året Hiskia var konge, drog Sankerib, kongen i Assyria, mot alle festningsbyane i Juda og tok dei.

35Kven var det av gudane i alle desse landa som berga landet sitt ut or mi hand? Og så skulle Herren kunna berga Jerusalem!

36Folket tagde og svara ikkje eit ord. For kongen hadde sagt frå at dei ikkje skulle svara han.

37Så kom slottshovdingen Eljakim, son til Hilkia, riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joak, son til Asaf, med sundrivne klede til Hiskia og fortalde kva hærføraren hadde sagt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help