Joel 3 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Når Anden vert utrend

1Ein gong skal det henda

at eg renner ut min Ande over alle menneske.

Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;

dei gamle mellom dykk skal ha draumar,

og dei unge skal sjå syner.

2Jamvel over trælar og trælkvinner

vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

3Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:

blod og eld og røyksøyler.

4Sola vert omskapt, ho svartnar,

og månen vert som blod,

før Herrens dag kjem,

den store og skræmande.

5Men kvar den som kallar på Herrens namn,

skal verta frelst.

For på Sion-fjellet og i Jerusalem

skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,

så som Herren har sagt.

Og mellom dei som har berga seg,

er dei som Herren kallar. Herrens dom over folka

6For sjå, i dei dagar og på den tid,

når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,

7då vil eg samla alle folkeslag

og føra dei ned i Josjafat-dalen.

Der vil eg halda rettargang med dei

om Israel, mitt folk og min eigedom,

som dei spreidde mellom folka.

Dei delte landet mitt

8og kasta lodd om folket mitt;

dei gav ein gut for ei skjøkje

og selde ei jente for vin – og drakk.

9Og no, Tyrus og Sidon og alle filistarbygder, kva er det de vil meg? Er det noko de vil gje meg lika for, eller vil de gjera meg eitkvart? Brått vender eg det de gjer, mot dykk sjølve,

10for de tok sølvet og gullet mitt og førte mine dyraste skattar til dykkar eigne tempel.

11De selde folket i Juda og Jerusalem til jonarane, så dei skulle koma langt bort frå sitt land.

12No vil eg få dei til å ta ut frå kvar stad som de har selt dei til, og venda mot dykk sjølve det de har gjort.

13Sønene og døtrene dykkar vil eg la judearane selja. Dei skal selja dei til sabearane, eit folk som bur langt borte. – Herren har tala.

14Rop dette ut mellom folka:

Bu dykk til heilag krig, vekk krigarane!

Lat alle stridsmenn møta fram og dra ut!

15Smid plogjerna om til sverd

og vingardsknivane til spyd!

Den veike skal seia: «Eg er ei kjempe.»

16Skunda dykk og kom!

Kom saman, alle de folkeslag rundt ikring!

Herre, før dine krigarar dit!

17Folkeslaga skal ta ut

og fara til Josjafat-dalen.

For der vil eg sitja til doms

over folk frå alle kantar.

18Sving sigden, for grøda er mogen!

Kom og trakk, for vinpressa er full,

pressekummane fløymer over!

For vondskapen åt folka er stor.

19Det er eit mylder og ståk i avgjerdsdalen,

Herrens dag er nær i avgjerdsdalen.

20Sol og måne svartnar,

og stjernene misser sin glans. Judas herlege framtid

21Herren skal torna frå Sion,

la røysta si ljoma frå Jerusalem,

himmel og jord skal skjelva.

Men Herren er eit vern for sitt folk,

ei borg for Israels søner.

22Då skal de sanna

at eg er Herren dykkar Gud,

som bur på Sion, mitt heilage fjell.

Jerusalem skal vera ein heilag stad,

der skal framande aldri meir koma inn.

23Den dagen skal det henda

at fjella dryp av druesaft,

og haugane fløymer av mjølk,

og i alle bekkefar i Juda

skal det renna vatn.

Ei kjelde vell fram frå Herrens hus

og vatnar Akasiedalen.

24Egypt skal verta ei audn

og Edom ei øydemark

for sitt valdsverk mot judearane.

For det var i deira land

dei spilte skuldlaust blod.

25Men i Juda skal det alltid bu folk,

og i Jerusalem skal ætt fylgja ætt.

26Eg vil hemna dei drepne

og ikkje spara dei skuldige.

Herren bur på Sion.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help