1Moses sa dette til israelittane, heilt og fullt så som Herren hadde bode han.
Føresegner om lovnader og plikter2Moses tala til hovdingane over Israels-ættene og sa: Dette har Herren gjeve påbod om:
3Når ein mann gjev Herren ein lovnad eller bind seg med eid til å halda seg frå eit eller anna, då må han ikkje bryta ordet sitt, men gjera det han har lova.
4Når ei ung kvinne som enno er heime hjå far sin, gjev Herren ein lovnad og bind seg til fråhald,
5og far hennar får høyra om lovnaden og plikta ho har teke på seg, men ikkje seier noko til henne om det, då skal kvar lovnad og kvar plikt ho har teke på seg, stå ved lag.
6Men dersom far hennar same dagen som han får høyra om det, seier nei til henne, då skal ingen av lovnadene eller dei pliktene ho har teke på seg, stå ved lag. Og Herren skal tilgje henne, fordi det var faren som sa nei.
7Set at ei kvinne har ein lovnad på seg når ho vert gift, eller har bunde seg med eit tankelaust ord.
8Dersom mannen hennar får vita det, men ikkje seier noko til henne same dagen, då skal lovnadene og dei pliktene ho har teke på seg, stå ved lag.
9Men dersom mannen hennar same dagen som han får vita det, seier nei til henne, då gjer han den lovnaden ho har teke på seg, til inkjes, og like eins det tankelause ordet som ho har bunde seg med. Og Herren skal tilgje henne.
10Når ei enkje eller ei fråskild kvinne gjev ein lovnad, skal han stå ved lag, kva ho så har bunde seg til.
11Dersom ei kvinne etter at ho er gift, gjev ein lovnad eller bind seg med eid til fråhald,
12og mannen hennar får vita det, men teier og ikkje seier nei til henne, då skal kvar lovnad og kvar plikt ho har teke på seg, stå ved lag.
13Men dersom mannen hennar gjer det om inkje same dagen som han får høyra om det, då skal ikkje eit ord som ho har sagt, stå ved lag, anten det er ein lovnad ho har gjeve, eller ei plikt ho har teke på seg. Mannen hennar har gjort det om inkje, og Herren skal tilgje henne.
14Kvar lovnad ho har gjeve, og kvar plikt til fråhald eller faste som ho har teke på seg med eid, kan mannen hennar stadfesta eller gjera om inkje.
15Dersom han teier og ikkje seier noko til henne frå den eine dagen til den andre, då stadfester han alt det ho har lova, og alt det ho har bunde seg til. Han stadfester det når han ikkje seier noko den dagen han får vita om det.
16Men gjer han det sidan om inkje, må han ta ansvaret for brotet hennar.
17Dette er dei føresegnene Herren gav Moses om den rett som gjeld mellom mann og kone, og mellom far og dotter så lenge ho er ung og bur heime hjå far sin.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.