5. Mosebok 15 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Året for ettergjeving av gjeld

1Sjuande kvart år skal vera eit ettergjevingsår.

7Når ein av landsmennene dine vert fattig i ein av byane i det landet Herren din Gud gjev deg, då skal du ikkje vera så hardhjarta at du lèt att handa for den fattige bror din. Korleis ein skal stella med trælar

12Når ein av landsmennene dine, mann eller kvinne, av hebrearætt, vert seld til deg, skal han tena hjå deg i seks år, men i det sjuande året skal du gje han fri og la han fara sin veg.

18Ta det ikkje tungt om du må gje han fri og la han fara. Han har arbeidt for deg i seks år, og det han har gjort, er dobbelt så mykje verdt som det ein leigekar får. Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt det du gjer.

Fyrstefødde dyr høyrer Herren til

19Alle fyrstefødde hanndyr av storfe og småfe skal du vigsla til Herren din Gud. Fyrstefødde oksar skal du ikkje bruka til arbeid, og fyrstefødde sauer må du ikkje klyppa. 2 Mos 13,2

20Kvart år skal du og huslyden din eta dei for Herrens åsyn, på den staden Herren vel seg ut.

21Men har dei lyte, anten dei er halte eller blinde eller har nokon annan stygg feil, skal du ikkje ofra dei til Herren din Gud. 3 Mos 22,20ff; Mal 1,8.13

22Heime i byane dine kan du eta dei. Både ureine og reine kan eta dei, som når ein et gasell og hjort.

23Men blodet må du ikkje eta. Slå det ut på marka som vatn!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help